Historisk arkiv

Forskning – og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) besøker Kongsberg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Torsdag 24.juni gjestar forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim fagskulen i Viken, avdeling Kongsberg, sommarskulen på Kongsberg kunnskapssenter og TechnipFMC.

Media er velkomne til å delta under gjestinga.

Program for torsdag 24. juni
Kl. 11 – 12: Fagskulen Viken, avdeling Kongsberg

Regjeringa har løyvd 10 millionar kroner til eit kompetanseløft til Kongsberg-industrien. Permitterte og andre har fått mogelegheit til å ta kurs, opplæring og utdanning som gjæv kompetanseutvikling medan dei får dagpengar. No ynskjer statsråden å treffa studentane og høyra korleis det har gått. Statsråden skal òg lansera den nye strategien for høgare yrkesfagleg utdanning.

Stad: Fagskulen på Krona, Hasbergsvei 36, Kongsberg.

Kl. 1210 – 1300: Vitensenteret på Kongsberg

Statsråden besøker sommarskulen på Vitensenteret saman med finansminister Jan Tore Sanner (H). Her vil dei treffa 5.-8. klassingar som skal bygga ulike ting, programmera og animera.

Stad: Hasbergsvei 40, Kongsberg

Kl 13.05- 13.30: TechnipFMC

FMC Kongsberg Subsea får 16 millionar kroner til prosjektet sitt «eVXT next generation subsea». Prosjektet skal elektrifisera og gjere oljeutvinning meir miljøvennleg. Asheim ynskjer å møta dei som står bak prosjektet, blant anna Christina M. Johansen som flytta frå USA og til Noreg og Kongsberg for 20 år sidan fordi ho ville jobba med nettopp dette prosjektet.

Stad: Kirkegårdsveien 45, Kongsberg.


Kontakt:
Journalistar som vil vere til stades kan melda seg til kommunikasjonsrådgjevar i Kunnskapsdepartementet, Hanne Roald på tlf 98 66 07 37 eller pr. e-post på hanne.roald@kd.dep.no