Historisk arkiv

Framleis råvareprisfall på verdsmarknaden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Prisindeksen for matråvarer frå Det internasjonale pengefondet (IMF) fall med 2,5 prosent i mars. Nedgangen gjeld dei fleste råvaregruppene.

IMF sin matprisindeks er sett saman av eit vekta gjennomsnitt av prisutviklinga for varegruppene kornvarer, sukker, vegetabilske oljer/protein, kjøt, sjømat, appelsinar og bananar.

Kornvarer

Prisindeksen for kornvarer fall med 1,3 prosent på verdsmarknaden i mars. Det var prisen på kveite som fall mest med 2,7 prosent. Vidare fall prisen på ris med 2,1 prosent, medan prisen på bygg og mais auka med 3,1 prosent og 0,3 prosent. 

Vegetabilske oljer/protein

I mars fall prisindeksen på vegetabilske oljer/protein med 2,2 prosent. Sterkast prisfall blei registrert for palmeolje, der prisen fall med 4,2 prosent. Prisen på olivenolje fall med 3,4 prosent, medan prisen på soyabønner og rapsolje fall med  1,4 prosent og 0,5 prosent. 

Animalske råvarer

I mars fall prisindeksen på kjøt med 0,6 prosent. Sterkast prisfall blei registrert for lammekjøtt, der prisen fall med 5,8 prosent. Vidare fall prisen på storfekjøt og svinekjøt med 1,0 prosent og 0,2 prosent, medan prisen på kyllingkjøt auka med 0,4 prosent.