Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Vestland 1/2021

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Statsforvaltaren i Vestland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, med mellom anna ein artikkel om korleis ein kan handtere rolla som kompetansesenter i koronatid.

Kompetansesenter i koronatid

Statsforvaltaren i Vestland har nær kontakt med landbrukskontora våre, og vi har gjennom åra hatt mange møte, kurs og samlingar ute i kommunane. Kva gjer vi i koronatida?

Pandemien har lært oss nye arbeidsmetodar.
Pandemien har lært oss nye arbeidsmetodar. Foto: Aleš Čerin/SFVL

Då pandemien kom måtte vi på kort tid endra strategi for korleis vi skulle fylla kompetansesenterrolla vår. Det har ført til mykje nyttig kunnskap og erfaring. Vi saknar å kunne møtast fysisk, men erfaringane det siste året har gjeve oss mange nye verktøy som vi vil bruke flittig også i tida etter Covid-19.

Kva kompetansebehov har kommunane?

Landbruksavdelinga gjennomførte ei større kartlegging i kommunane våren 2020. Vi sende ut ei spørjeundersøking til alle tilsette på landbrukskontora og fekk svært mange gode og nyttige svar. Dette danna grunnlaget for planlegging av fagsamlingar og kurs på nettet.

Utviklingsgruppa på landbruksavdelinga følgde opp kartlegginga med telefon til landbrukssjefane, der vi fekk meir informasjon og kunnskap om behova i kvar einskild kommune. Dette ønskjer vi å gjere årleg, slik at vi kan bidra i kommunen sitt utviklingsarbeid ut frå deira behov og ønskje. 

Kjekke og nyttige webinar

I 2020 arrangerte vi rundt 30 webinar, med totalt om lag 1200 deltakarar.  Erfaringane har vore svært gode, og vi har fått mange positive tilbakemeldingar frå deltakarane. – Endeleg får eg høve til å delta på kurs og samlingar, sa ein deltakar på eit webinar om digital mobilisering i januar.

Frå sør til nord i Vestland fylke er det om lag åtte timars køyretid med bil. På nettet kan deltakarane koma frå heile fylket og dei slepp kostnader og reisetid. Det har ført til at mange fleire har kunna delta. Nokre av webinara har også hatt deltakarar frå andre fylke eller har vorte arrangert av nasjonale nettverk. Det at fleire frå same kommune kan vere med på eit kurs eller eit møte, får same informasjon og kan delta med innspel og spørsmål, har også positive ringverknader for vidare arbeid i kommunen.

Produksjon av materiell

Det vert produsert nyttig materiell på ulike fagområde. Her er nokre eksempel:

I desse dagar er det laga ei rettleiing til kommunane for utarbeiding av overordna retningslinjer for ordningane SMIL, tilskot til tiltak i beiteområde og NMSK. Etter fleire kommunesamanslåingar i 2020, og som følgje av at perioden for mange av dei gjeldande lokale retningslinjene går ut, kjem fleire kommunar til å lage nye lokale retningslinjer frå 2021. Rettleiinga er meint å vere til hjelp for kommunane i dette arbeidet, m.a. gjennom å konkretisere dei delane av regelverket som er relevante for denne oppgåva, og synleggjere koplingar mellom ulike ordningar og program.

I LivOGLyst-programmet er det under arbeid ein idévekkjar for korleis ein kan driva lokalt mobiliseringsarbeid. Denne vert laga ut frå webinaret "Korleis mobilisere digitalt i eit LivOGLyst-prosjekt?", som partnarskapens arrangerte i januar i år

Kontaktperson:
Ragna Flotve, fmhorfl@statsforvalteren.no, Tlf. 901 01 54.

Vestland tek tak for klimaklokt landbruk

Vestland bondelag og partnarskapen i Vestland har starta eit prosjekt, der målet er å redusere klimaavtrykket frå landbruket samstundes som ein opprettheld den lokal matproduksjonen.

Nedlegging av gjødsla er eit godt klimatiltak.
Nedlegging av gjødsla er eit godt klimatiltak. Foto: NLR Vest/FMVL

Arbeidet er i gang og Frøydis Haugen er tilsett som prosjektleiar. Forprosjektet skal samle landbruket sine organisasjonar, leggje ein felles strategi for klimaarbeidet i Vestland og få i gang eit hovudprosjekt.

Landbruket sin klimaavtale ligg til grunn for arbeidet. Det er ein ambisiøs avtale, og det er viktig at Vestland finn gode klimaløysingar tilpassa våre driftsforhold.

Landbruket vil og kan gjere ein innsats, og gjennom prosjektet kan vi få til ei koordinert satsing for auka kunnskap og motivasjon, slik at bonden kan gjere gode klimaval på eigen gard.

Kontaktperson:
Randi Erdal, fmsfrer@statsforvalteren.no, Tlf. 57 64 30 73.

Urbant landbruk i Vestland

Nasjonal strategi for urbant landbruk vart lansert i februar og viser til korleis urbane landbruksaktivitetar kan vere ein ressurs. Fleire stader i Vestland er godt i gang.

Bybonden, Ida Kleppe, haustar poteter, urter og grønsaker frå dyrkingskassane på Bryggen i Bergen, og inspirerer byfolk til å produsere mat.
Bybonden, Ida Kleppe, haustar poteter, urter og grønsaker frå dyrkingskassane på Bryggen i Bergen, og inspirerer byfolk til å produsere mat. Foto: Frøydis Lindén/SFVL

Bergen kommune har allereie ein strategi for Urbant landbruk, og skal utarbeide handlingsplan for Urbant landbruk det neste året. I Førde har forbrukarar drive Vie andelslandbruk på dugnad i fleire år og det same har dei gjort på Lønning Lutlandbruk i Leirvik på Stord.

Tidleg ute i Bergen kommune

Bergen kommune har i fleire år gitt eigne tilskot til Bybonden i Bergen, eit prosjekt drive av Lystgården på Landås (Bærekraftige liv) og Vestland bondelag. Prosjektet fyller mange av dei målsettingane som ligg i strategi for urbant landbruk i Bergen.  Bybonden arbeider for tida med fleire delprosjekt. Kompostringen er eit samarbeidsprosjekt med BIR (Bergensområdets Interkommunale Renovasjonsselskap) for å kompostere matavfall i nabolag, og dermed skape fleire sirkulære system i bydelane;  Dyrk med Bybonden er fleire små dyrkingskurs på nett og korte samlingar for å få byfolk til å dyrke meir. Dette er beredskap i praksis.

I 2020-21 har Bybonden fått støtte til to prosjekt: Eitt for å føreslå areal for ein ny parsell for dyrking i kvar bydel i Bergen. I det andre prosjektet skal dei etablere testareal (250 kvm) for dei som ynskjer å prøve ut grønsaksdyrking og etablere ei verksemd, gjennom å drive ein marknadshage for småskala grønsaksproduksjon. Dette er ledd i eit samarbeid med det svenske Stadsbrukprosjektet, som driv eit inkubator- og oppstartsprogram for entreprenørar innan småskala grønsaksproduksjon.

Bjørnafjorden i hundre

Matjord vert halden i hevd med urbane landbruksaktivitetar. Dette spreier kunnskap og erfaring i å produsere mat til fleire i samfunnet. I dette ligg det også eit tilsnitt av samfunnssikkerheit og beredskap. Bjørnafjorden kommune ynskjer å setje i gang eit prosjekt der målet er å gjere kommunen sjølvforsynt i 100 dagar. I prosjektet ynskjer dei å ha med alle bøndene som allereie produserer mat, og inviterer også andre innbyggarar til å bli med på dugnaden. Landbrukskontoret har allereie starta kartlegging av ledige areal, for å kunne etablere både parsellhagar og skulehagar der folk bur tett. Med andre ord er satsinga på urbant landbruk ikkje berre ei satsing for dei største byane, men også for tettstader og lokalsamfunn i heile fylket.

Kontaktperson:
Frøydis Lindén, fmhofli@statsforvalteren.no  Tlf. 905 52 194.

Organisert Beitebruk - Beitesesongen 2020

Vestland er eit stort utmarksfylke og har 20 prosent av alle småfe på utmarksbeite i Noreg. Det er rundt 280 000 sau og lam.

Sauer på fjellbeite.
Sauer på fjellbeite. Foto: Øyvind Vatshelle/SFVL

For å lette arbeidet med husdyr som beitar i utmarka om sommaren, har dei fleste sauebøndene organisert seg i beitelag. Desse beitelaga dekker kvart sitt geografiske område. Gjennom strukturert samarbeid som felles tilsyn og sanking har ein betre kontroll over dyra og reduserer tap av dyr på utmarksbeite. Det er likevel noko tap, og i mange tilfelle skuldast det sjukdom og uhell. Men det vert også rapportert  om tap til rev og ørn. I avgrensa område i indre og ytre Sogn har ein hatt tap til dei freda rovdyra jerv og ulv. I heile fylket var det i 2020 eit tap av lam på 5,4 prosent der nokre område ligg på under 2 prosent mens andre har lammetap opp til 10 prosent.

I Nordfjella der ein tidlegare har påvist skrantesjuke, har det vore restriksjonar med tildeling av salt til beitedyra. Det vart innført forbod mot bruk av salt i 2019, men opna for avgrensa bruk i 2020. No ventar beitenæringa spent på ei avklaring kring dette for Hardangervidda, der det vart påvist skrantesjuke på eit reinsdyr i haust. Det beitar kring 20 000 småfe frå Vestland i leveområdet til villreinen på Hardangervidda.

Kontaktperson:
Kari Elsa des Bouvrie, fmhokdb@statsforvalteren.no, Tlf. 458 50 058.

Inn på tunet for psykiatri, rus og arbeidstrening i Vestland

Inn på tunet-løftet 2 er godt i gang i Vestland. Vi vart tildelt ein av fire nasjonale pilotar, med Bømlo og Stad som pilotkommunar.

Kontakt med dyr gjev både fysisk og psykisk helsegevinst.
Kontakt med dyr gjev både fysisk og psykisk helsegevinst. Foto: Langegården/SFVL

Inn på tunet-løftet 2 har som mål å få Inn på tunet-tilbod sterkare inn i kommunen sitt mangfaldige tenestetilbod. Dei to neste åra skal Statsforvaltaren i Vestland, i samarbeid med pilotkommunane og ressurspersonar innan ulike fagfelt, finne svar på kva som skal til for å auke bruken av Inn på tunet-tenester innan psykiatri, rus og arbeidstrening.

Hovudmålet i piloten er å kartlegge og samle erfaringar frå pilotkommunane i prosessen fram mot kjøp av Inn på tunet-tenester retta mot brukarar innan psykisk helse, rusomsorg og arbeidstrening. Denne kartlegginga skal danne grunnlag til å identifisere viktige problemstillingar som kommunane må løyse når dei skal kjøpe slike tenester, og etablere gode tilbod til brukarar.

I tillegg er det eit viktig mål å skape eit meir tilpassa tenestetilbod gjennom etablering av Inn på tunet-tenester, som erstattar og betrar noverande tilbod til brukarane. Pilotkommunane har organisert lokal prosjektleiing og er i full gang med arbeidet. Vi har stor tru på at det kjem mykje kunnskap ut av prosjektet og at erfaringane vil ha stor overføringsverdi.

Dei andre nasjonale pilotane gjekk til Nordland (grunnskule), Møre og Romsdal (vidaregåande skule) og Oslo/Viken (demensomsorg).

Kontaktperson:
Ragna Flotve, fmhorfl@statsforvalteren.no, Tlf. 901 01 541.

Avlingssvikt

2020 var eit katastrofeår for fruktdyrkinga i Vestland. Utan erstatningsordninga ville den økonomiske risikoen for bonden truleg vore for høg til å satse på frukt i Norge.

Fruktproduksjon er ei viktig næring i Vestland.
Fruktproduksjon er ei viktig næring i Vestland. Foto: Ragna Flotve/SFVL

Frostnetter i mai tok knekken på fruktblomar og resulterte i store avlingstap.

Klimaendringane gjer at vekstsesongen startar tidlegare om våren. I 2020 hadde Vestland ein periode i april med høg døgntemperaturar som gav ein tidleg vekststart og tidleg fruktbløming. Så endra vêret seg og vi fekk nattefrost fleire stader midt i mai.

Sikrar norsk produksjon

Vestland ligg på nordgrensa for fruktproduksjon i Norge. Slik produksjon er avhengig av eit godt lokalklima der solinnstråling og varme frå fjorden er avgjerande. Hardanger, Sogn og Nordfjord har område med eigna lokalklimaet der fruktdyrking har lange tradisjonar. Avlinga har stor økonomisk verdi, og det har store konsekvensar når avlinga slår feil. Denne risikoen deler bonden med staten gjennom erstatningsordninga som slår inn når avlingstapa er store. Det sikrar den norske fruktproduksjonen.

Avling og eigenandel

Erstatninga vert berekna ut frå ei forventa avling i skadeåret der bonden har ein eigenrisiko på 30 prosent. Det er såleis berre produsentar med store avlingstap som kan få erstatning. I Vestland fylke var det 309 føretak som søkte om erstatning i 2020, dei fleste innan fruktdyrking. Av desse kom 145 søknader frå Ullensvang kommune og 44 søknader frå Sogndal kommune. Samla utbetaling er forventa på kring 30 millionar kroner.

Erstatningsordninga for klimarelatert skade er ei nasjonal statleg ordning med tilskot til bønder som opplever stor avlingstap. Årsakene kan t.d. vere frost, tørke, mykje nedbør eller skade av hagl. Avlingstap utover 30 prosent vert dekka etter faste reglar. Avlinga kan variere mykje, både mellom gardsbruk og mellom ulike år, og det er difor eit krav at søkjer dokumentere kor store mengder frukt dei har omsett dei siste åra. Forventa avling vert rekna som gjennomsnitt av avlinga i fem år.

Kontaktperson
Øyvind Vatshelle, fmhooyv@statsforvalteren.no, Tlf. 55 57 21 78.