Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Gjellestadskipet er mest sannsynleg frå tidleg vikingtid

Resultatet av undersøkingane etter utgravinga på Gjellestad er no klare. Skipet kan daterast til vikingtid og det kjem etter alt å døme frå vestlandet.

Ansvarleg statsråd for kulturminnefeltet Ola Elvestuen og riksantikvar Hanna Geiran fekk sist veke overlevert resultata av dei første undersøkingane av vikingskipfunnet på Gjellestad.

Skipet er mest sannsynleg frå tidleg vikingtid. Det kan tidlegast ha blitt bygd i år 733 e.Kr. Prøvane syner at bevart treverk i skipet er angripen av sopp og det er difor under rask og gjennomgripande nedbryting. Dette skyldast senking av grunnvasspeilet, som tillet oksygen å trenge heilt ned til kjølen av skipet.

Gjellestadskipet
Klima- og miljøminister Ola Elvestuen og riksantikvar Hanna Geiran fekk studere ein trebit henta ut av kjølen frå Gjellestadskipet. Ein liten bit av et heilt ekte vikingskip. Årringane i trestykket er brukt til å regne ut alderen på funnet. Foto: Martin Lerberg Fossum

Dendrokronologi (årringdatering) av prøven har resultert i ein fastslått maksimumsalder for skipet. Årringsmønsteret i stykket svarar til vekstmønster for eik i perioden 603-724 e.Kr.

Skipets bevaringstilstand er dårleg. Kjølprøven har blitt undersøkt, bl.a. med elektronmikroskop, og har vist at treet først har blitt utsett for erosjonsbakteriar. Desse angrepa er «snille» og treet framstår som velbevart. I nyare tid er treet blitt ramma av sopp (soft rot). Desse angrep er kraftigare. Det gjer treet sårbart for trykk og handtering.

Med dagens klimautvikling er det usikkert kor lenge Gjellestadskipet kan bevarast utan ei utgraving.

Riksantikvaren skal no gjere si vurdering av funna. 

Les meir om Gjellestadskipet og funna rundt skipet her:

 

Til toppen