Gratulerer med verdas urfolksdag!

I dag markerer vi FNs internasjonale urfolksdag. Årets tema er urfolkskvinner si viktige rolle i bevaringa og overføringa av tradisjonell kunnskap

– Gratulerer med dagen til samane og andre urfolk i verda, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik. Han understrekar at feiringa av dagen er eit uttrykk for respekt for verdas urfolk, deira kultur og rettar.

FNs urfolksdag blei etablert av FNs generalforsamling i 1994. I dag er det nøyaktig 40 år sidan det første møtet i FNs arbeidsgruppe for verdas urfolk fann stad – 9. august 1982. I år skal urfolksdagen ha eit særskilt fokus på urfolkskvinners rolle.

– Kvinner har ei sentral rolle som tradisjonsberarar i verdas mange urfolkssamfunn. Samstundes er dei ofte ei utsett gruppe som opplever diskriminering både på grunnlag av kjønn og etnisitet. Derfor er eg glad for at FN no set søkelys på urfolkskvinners situasjon og heidrar dei viktige bidraga deira til kulturen, seier Gjelsvik.