Historisk arkiv

Innføring av avgiftsfritak på driftsmiddel brukt i reindrifta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Reineigarar skal no verte likestilt med bønder og sleppe avgifter som nyttast i drifta. Dette har i fleire år vært et viktig krav frå næringa, og vil gje store avgiftslettelsar for den aktive reindriftsutøvar.

Regjeringa vil gjere framlegg om innføring av avgiftsfritak på kjøp av driftsmiddel i reindrifta. Konkret vert det føreslege at snøscooter, ATV, og terrenggåande motorsykkel får tilsvarande avgiftsfritak som det som er etablert for driftsmiddel i jordbruket. Ordninga vert avgrensa til dei reineigarane som er registrert i meirverdiavgiftsregisteret. Avgiftsfritaket vert innført så snart som mogeleg i 2018. 

Regjeringa Solberg har ei politisk målsetjing om å utvikle reindriftsnæringa som ei rasjonell og marknadsorientert næring som er berekraftig i eit langsiktig perspektiv. I dette ligg det m.a. at reindriftsutøvarar som har reindrift som hovudnæring, både skal sjåast på og verte handsama som næringsutøvarar. Med dette som utgangspunkt, har regjeringa i si politiske plattform konkretisert at bønder og reineigarar skal handsamast likt når det gjeld avgifter på driftsmiddel. Krav om avgiftsfritak er eit mangeårig krav frå næringa. 

– I utviklinga av reindrifta som ei næring finn eg det både viktig og riktig at det vert opna for avgiftsfritak på køyretøy brukte i reindriftsnæringa. Eg er difor svært tilfreds med at Regjeringa no òg leverer på dette punktet i regjeringsplattforma, seier Landbruks- og matminister Jon Georg Dale i ein kommentar.