Presseinvitasjon

Helse- og omsorgsminister Bent Høie besøkjer Lofoten, Vestvågøy kommune 2. juni

Statsråd Bent Høie besøkjer Nordlandssykehuset, Lofoten og Leknes bo- og servicesenter. Han skal også på fisketur med fiskebåten "Iversen senior".

Kl. 08.30-11.00 Besøkje Nordlandssykehuset, Lofoten, adresse: Sykehusbakken 23

08.30-09.15  Frokostmøte med sjukehusleiinga. Møtet er lukka for pressa.

09.15-10.00  Møte med lokale tillitsvalde. Møtet er lukka for pressa.

10.00-11.00  Statsråden besøkjer sjukehuset sitt dialysetilbod og får sjå korleis lokalsjukehuset legg til rette for eit godt tilbod til befolkninga. Han får også sjå korleis sjukehuset organiserer tilbodet til pasientar med hjerneslag. Han vil også besøkje akutt ambulant team. Statsråden møter tilsette og brukarar.

Kl. 11.45-12.45 Besøkje Leknes bo- og servicesenter, adresse: Storgata 106

Statsråden møter tilsette og brukarar ved kommunen sitt nye omsorgstilbod. Leknes bo- og servicesenter har nye leilegheiter og dagsenter for heimebuande personar med demens, café og frivilligsentral.

Kl. 13.00-14.15 Møte på rådhuset i Vestvågøy, adresse: Storgata 37

På møtet deltek representantar for Vestvågøy, Flakstad, Moskenes og Vågan kommune saman med Universitetet i Nordland. Tema for møtet er utviklinga av dei kommunale helse- og omsorgstenestene og forholdet mellom kommune og sjukehus.  

Kl. 14.30-15.30 Besøkje ConseptoMed, adresse: Øyaveien, 8373 Ballestad

ConseptoMed er ei lokal gründerbedrift for medisinsk utstyr. Statsråden møter gründer og tilsette. Han får ei omvising og demonstrasjon av bedrifta sine produkt.

15.30-18.30 Fisketur med fiskebåten "Iversen senior" saman med ordførar Jonny Finstad i Vestvågøy kommune.

Pressa er velkomen til å delta og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.

Følg oss på Twitter og Facebook