Historisk arkiv

Helse- og omsorgsminister Bent Høie til Bergen 15. oktober

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

I Bergen skal statsråd Bent Høie opne det nye Prostatasenteret ved Haukeland universitetssykehus og halde innlegg på Erfaringskonferansen om pakkeforløp for kreft.

Pressa er velkomen til å delta på begge arrangementa.

0900-1000 Opne Prostatasenteret ved Haukeland universitetssykehus. Adresse: Sentralblokka, 2. etasje.
Statsråden får sjå korleis senteret arbeider for å gi pasientar med symptom på prostatakreft rask avklaring av diagnosen og vidare oppfølging.

1000-1100 Opne erfaringskonferansen om pakkeforløp for kreft i Helse Vest. Adresse: Bikuben Kurs- og konferansesenter (Haukeland)

I løpet av det første året med pakkeforløp får nesten 8 av 10 pasientar, på landsbasis, behandling innan fastsett tid. På konferansen vert det presentert korleis sjukehus i Helse Vest har arbeidd med pakkeforløp og kva dei har oppnådd saman med fastlegar og brukarar.                                        

Følg oss på Twitter og Facebook