Statsbudsjettet 2023

Høgt tempo i havvindsatsinga

Regjeringa prioriterer havvindutbygging i sitt forslag til statsbudsjett for 2023. Til saman 80 millionar kroner skal brukast til styrking av departementet, grunnundersøkingar, konsekvensutgreiing av nye område og styrking av kompetansemiljø.

Den føreslegne løyvinga inkluderer 30 millionar kroner til grunnundersøkingar i Sørlige Nordsjø II og Utsira Nord og 25 millionar kroner til konsekvensutgreiing av nye område for havvind og overvaking av sjøfugl i område som er aktuelle for havvind.

Ytterlegare 5 millionar kroner i tilskot for å styrkje kompetansemiljøet rundt havvindindustrien i Noreg. Auka løyving til ekstern bistand og saksbehandlingskapasitet i departementet.

— For å nå dei måla me har sett oss med kraft og klima må me satse tungt på havvind. Pengane me foreslår å setje av til utgreiingar for nye område blir kritisk for å nå ambisjonen om å tildele område som tilsvarer 30.000 MW havvind innan 2040, seier olje- og energiminister Terje Aasland.

Med denne ambisjonen vil produksjonskapasiteten frå havvind nærme seg dagens produksjonskapasitet i det norske kraftsystemet, som er på 39.000 MW. Det er betydelege mengder ny, fornybar energi.

— I 2023 blir dei første områda utlyst og då er det viktig at me alt er i gang med å planleggje neste utlysingsrunde. Det er viktig for å gi moglegheiter for aktørane som skal vere med på utvikle norsk havvind, seier Aasland.

I tillegg har regjeringa foreslått auka løyvingar til blant anna styrka saksbehandlings­kapasitet og effektivisering av konsesjonsbehandlinga i NVE for å leggje til rette for raskare utbygging av havvind, meir effektiv konsesjonsbehandling av straumnett og ny fornybar energi.

Regjeringa har store ambisjonar om ein kraftig auke av norsk eksport fram mot 2030 og følgjer opp dette bl.a. med ein grønn nærings- og eksportomstillingspakke Verkemiddelapparatet, med sentrale aktørar som NORWEP, er viktig i eksportsatsinga for å realisere potensialet for vekst innanfor havvindsegmentet når det gjeld internasjonal omsetning og eksport. Regjeringen å løyve 34,5 millioner kroner til Norwep for 2023.

Teknologien blir modna

Dette skjer samtidig som verdas største flytande havvindpark, Hywind Tampen, blir gjort ferdig like utanfor kysten av Florø. Prosjektet, som har fått 2,3 milliardar kroner i støtte frå Enova, viser at teknologien blir modna og at regjeringa sin ambisjon om å tildele areal som kan romme 30 GW med havvindproduksjon på norsk sokkel blir stadig viktigare.

— Havvind er ein sentral del av det grøne industriløftet. Me hadde ambisjonane med oss inn i regjering og no følger me opp med auka ressursar for å få raskare framdrift i utbygginga. Med det følgjer verdiskaping, nye jobbar og eit reelt grønt skifte, sier Aasland.