Statsbudsjettet 2023

Historisk styrking - 165 millionar kroner til raskare utbygging av fornybar energi

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til energistyresmaktene med over 165 millionar kroner. Satsinga skal bidra til å leggje til rette for raskare utbygging av havvind, meir effektiv konsesjonsbehandling av straumnett og ny fornybar energi, styrking av analysekapasiteten i NVE og ny kraftmarknadsmodell.

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til energistyresmaktene med 165 millionar kroner. Satsinga skal bidra til å leggje til rette for raskare utbygging av havvind, meir effektiv konsesjonsbehandling av straumnett og ny fornybar energi, styrking av analysekapasiteten i NVE og ny kraftmarknadsmodell.

— Energikrisa i Europa, der Russland brukar gassen som eit politisk våpen, har ført til svært høge straumprisar i delar av Sør-Noreg. På lang sikt er det berre tre tiltak som verkeleg monnar for å betre situasjonen i den norske kraftforsyninga: meir kraft, meir nett og meir effektiv bruk av  energien vår. Vi treng rett og slett eit temposkifte for å byggje ut nett og kraft raskt nok. Berre dei siste tre åra har det til dømes vore ein kraftig auke i talet på nettsøknadar, og det er no 120 saker i kø. Det er ikkje haldbart, seier olje- og energiminister Terje Aasland.

Satsinga omfattar over 100 millionar kroner til blant anna auka saksbehandlings­kapasitet, effektivisering av konsesjonsbehandlinga og ivaretaking av IKT-tryggleiken i kraftforsyninga.

— Tilgang på rein og rimeleg fornybar energi skal framleis vere eit konkurransefortrinn i Noreg. Då er det viktig at me også riggar energistyresmaktene for å følgje opp samfunnets behov for meir fornybar energi, og for å utvikle neste generasjons kraftsystem, seier Aasland.  

Satsinga vil bidra til auka saksbehandlings­kapasitet i Olje- og energidepartementet og Noregs vassdrag- og energidirektorat. I tillegg er det midlar til ekstern bistand for å handtere komplekse og auka oppgåver på havvindområdet og til konsesjonsbehandling av straumnett og fornybar energi. Delar av midlane skal brukast på digitalisering, slik at konsesjonsbehandlinga kan bli meir effektiv. Satsinga omfattar også eit modellapparat for å auke styresmaktene si forståing av kraftmarknaden.

I dag kan det ta nærare ti år frå nye kraft- og nettprosjekt blir sett i gang til det står ferdig utbygd. Straumnettutvalet har anbefalt ei rekkje tiltak som kan bidra til å redusere tida det tar å utvikle og konsesjonsbehandle nettanlegg. Olje- og energiministeren har difor bedt NVE om å gjennomføre tiltak innanfor gjeldande regelverk for å få ned konsesjonsbehandlingstida. NVE skal mellom anna vurdere auka bruk av eit hurtigspor for å behandle mindre nettanlegg og nettanlegg der konfliktane er små.

— Dersom me skal lukkast med å auke eksporten frå fastlandsindustrien og redusere klimagassutsleppa, må det byggjast ut meir fornybar energi og nett raskare enn i dag. Då er det heilt avgjerande å styrkje NVE og OED, seier Aasland. 

Slik er midlane fordelt:

  • 30 millionar kroner til auka saksbehandlingskapasitet i NVE.
  • 30 millionar kroner til å styrkje NVEs arbeid med digitalisering av konsesjonsprosessane og kraftsystemutgreiingane som brukast til planlegging av straumnettet.
  • 30 millionar kroner til forundersøkingar av havbotnen ved Sørlige Nordsjø II og Utsira Nord.
  • 20 millionar kroner til ekstern bistand og auka kapasitet i departementet, blant anna for å møte dei auka oppgåvene til arbeidet med havvind og konsesjonsbehandling.
  • 15 millionar kroner til IKT-tryggleik og NVEs arbeid med å styrkje beredskapen mot IKT-angrep i kraftforsyninga.
  • 15 millionar kroner til konsekvensutreiing av nye område for vindkraft til havs.
  • 10 millionar kroner til overvaking av sjøfugl i område som er aktuelle for fornybar energiproduksjon til havs.
  • 10 millionar kroner til auka analysekapasitet og vidareutvikling av kraftmarknadsmodell slik at NVE kan levere betre analysar og grunnlagsarbeid.
  • 5 millionar kroner til kunnskapsoppbygging og kapasitetsbygging innan havvind i Agder-regionen.