Hjort i auke skadar skog

Ei ny gransking frå Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) syner at hjortebeiting på skog og grasareal fører til store økonomiske tap for skogeigarar og bønder. Ei meir berekraftig forvalting av hjortebestanden er naudsynt.

Bestanden av hjort om lag har dobla seg sidan årtusenskiftet. Enkelte stader er hjorten så talrik at det er umogleg å få opp igjen ny skog.

Granskog med store hjorteskader.
Granskog med store hjorteskader. Foto: Hans Lyseggen

Verditap grunna beiteskade og borkgnag i skog

Granskingane syner at hjorten sine skader i skog og på dyrka areal med gras, fører til store økonomiske tap for skogeigarar og bønder. For foryngingsfelt med gran varierte estimert gjennomsnittleg verditap etter beiteskade mellom 33 og 46 prosent. Det vil seie mellom 1166 og 1650 kroner per dekar for høvesvis ti og hundre prosent avgang av planter skada av hjortebeiting.

Innanfor nettinggjerdet er det normal grasavling, medan hjorten har gjort omfattande skader utanfor.
Innanfor nettinggjerdet er det normal grasavling, medan hjorten har gjort omfattande skader utanfor. Foto: Pål Thorvaldsen

Et opp graset til bonden

Når det gjeld beiteskadar i eng er skadane størst i ung eng, og der hjorten beitar frå seinsommar gjennom vinter til våren. I feltforsøk på Vestlandet er det registrert avlingsreduksjon i storleik 20-30 prosent.

Antal felte hjort når nye høgdar, medan talet på felte elg er det lågaste som er registrert sidan jaktåret 1990/1991.
Antal felte hjort når nye høgdar, medan talet på felte elg er det lågaste som er registrert sidan jaktåret 1990/1991. Foto: SSB