Utanriksministeren til München 16.-17. februar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 14.02.2018
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek på Munich Security Conference (MSC) frå 16.-17. februar.
Sidan 1963 har den tradisjonsrike konferansen i München samla statsleiarar, politikarar, ledande ekspertar og embetsmenn for å diskutere aktuelle tryggingspolitiske spørsmål. Årets konferanse tek føre seg ei rekke tema, mellom anna EU som global aktør, Russland, konflikten i Ukraina, utfordringane for den liberale verdsordenen, konfliktane i Midtausten og spenninga kring Nord-Koreas atomprogram.
Utanriksminister Eriksen Søreide vil i samband med konferansen også delta i paneldiskusjonar og ha bilaterale samtalar.
For ytterlegare informasjon om konferansen, nett-tv og program sjå: Munich Security Conference.
Pressekontakt: Frode Overland Andersen, mob. 917 22 022 (med på reisa)