Historisk arkiv

Presseinformasjon

Statssekretær Hagen vitjar Bangladesh og Myanmar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Statssekretær Marianne Hagen vitjar 12.-16. mars Bangladesh og Myanmar. Eit viktig tema for reisa er den humanitære krisa for rohingyane. Hagen vil mellom anna møte representantar for styresmaktene i Bangladesh og Myanmar.

- FNs generalsekretær har kalla situasjonen for rohingyaene frå Myanmar for verdas raskast veksande flyktningkrise. Situasjonen er svært alvorleg, seier statssekretær Marianne Hagen.

Meir enn 688 000 menneske, i hovudsak frå rohingya-minoriteten, har flykta over grensa frå Myanmar til Bangladesh sidan august 2017. Meir enn 900 000 rohingyaer har tilhald i Bangladesh, under til dels særs krevjande tilhøve. Den norske regjeringa har gjentatte gonger uttrykt sterk uro over valdsbruk og at rohingya-minoriteten i Myanmar blir drive bort. Bodskapen vart mellom anna framført då utanriksminister Ine Eriksen Søreide møtte Aung San Suu Kyi under Asia-Europa-møtet (Asem) i Myanmar i november.

Sidan august 2017, då rohingya-krisa auka i intensitet, har Noreg gitt 134 millionar kroner i humanitær støtte. Dette omfattar Noregs bidrag (24 millionar kroner) til FNs naudhjelpsfond (CERF). 105 millionar kroner er gått til naudhjelpstiltak for flyktningane i Bangladesh, der behova er størst og der humanitær hjelp kan kome til.

Pressekontakt: Pressevakta i UD, 23 95 00 02