Presseinformasjon

Utanriksministeren møter Barents-aktørar

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide møter ulike Barents-aktørar i Kirkenes onsdag 8. september på Barentssekretariatet.

Temaet for møtet er Noregs formannskap i Barentsrådet og folk-til-folk samarbeidet med Russland. Utanriksministeren, som også er leiar i Barentsrådet, møter politikarar frå kommune og fylkeskommune, sametingspresidenten og representantar for ulike aktørar i nord, som UiT, Noregs arktiske universitet, Barentspress, Barents games, Barents Regional Youth Council, Kautokeino næringsforeining.

Presse er velkomne til å dekkje møtet.

Stad: Barentssekretariatet, Kirkenes
Tid: Onsdag 8. november 08.30 – 09.45

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde (med på reisa) ane.lunde@mfa.no, +47 97 67 12 50