Statsråd Elisabeth Aspaker til Finland 2. og 3. februar

Tysdag 2. februar og onsdag 3. februar er statsråd Aspaker i Finland, for å delta på møte med dei nordiske samarbeidsministrane. Ho møter også den finske næringsministeren, tidlegare kommissær i Europakommisjonen, Olli Rehn.

Tysdag 2. februar
Kl. 19 er den finske samarbeidsministeren Anne Berner vertskap for ein arbeidsmiddag for dei nordiske samarbeidsministrane. Her deltar også tidlegare EU-kommissær Olli Rehn som mellom anna vil snakke om nordisk energisamarbeid. Stad: Det finske utanriksdepartementet, Helsingfors.

Onsdag 3. februar
Kl. 9: Møte mellom dei nordiske samarbeidsministrane. Stad: Finlands natursenter Haltia, i Noux.

Tema er mellom anna reformarbeidet i Nordisk ministerråd (NMR), nordisk samarbeid om integrasjon av flyktningar, meir nordisk nytte i EU, samarbeid om digitalisering og reduksjon av grensehindringar.

Kl. 13: Arbeidslunsj med direktør i Centralhandelskammeret og representant for Finland i Grensehinderrådet, Risto E. J. Penttilä. Stad: Finlands natursenter Haltia, i Noux.

Kl. 16-17: Aspaker har innlegg og deltar i paneldiskusjonen under Foreininga Norden sitt seminar «Østersjøen – Nordens innhav». Stad: Scandic Marina Congress Center, Helsingfors.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, 957 85 536.