Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utviklingsminister Astrup til Paris

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Utenriksdepartementet

Utviklingsminister Nikolai Astrup reiser til Paris 12.-13. november. Han skal mellom annet delta på Internet Governance Forum, og ha møte om digitalt samarbeid i utviklingspolitikken.

- Teknologirevolusjonen har gitt oss mange nye moglegheiter. Men vi må nytte desse betre slik at også menneske i fattige land får glede av dei. Noreg er blant verdas mest digitaliserte samfunn og vi har mykje å bidra med i dette arbeidet, seier utviklingsminister Nikolai Astrup. 

På Internet Governance Forum skal Astrup halde innlegg på eit arrangement om korleis ein kan styrke digitalt samarbeid i utviklingspolitikken. Arrangementet er i regi av høgnivåpanelet om digitalt samarbeid som vart etablert av FNs generalsekretær Antonio Guterres tidlegare i år, der utviklingsministeren er medlem. 

Utviklingsministeren skal også delta på konferansen GovTech som er ein del av Paris Digital Week.

Tema er korleis styresmakter gjennom samarbeid med private aktørar kan nytte teknologi til å levere betre tenester til innbyggjarane. Astrup deltek i eit panel om GovTech i utviklingspolitikken og korleis teknologi kan bidra til berekraftig utvikling. 

Under opphaldet i Paris skal han også ha møte med OECD, Unesco, Det internasjonale handelskammeret, mobiloperatøren Orange, næringslivsrepresentantar og frivillige organisasjonar om digitalisering og utviklingspolitikk. 

Pressekontakt: Pressevakta UD, telefon: 23 95 00 02, e-post: media@mfa.no