Presseinformasjon

Statssekretær Holte vitjar Hellas

Statssekretær Jens Frølich Holte vitjar Aten tirsdag 31. oktober. Hovudformålet med reisa er å skrive under den nye avtalen om EØS-middel med Hellas, til saman 116,7 millionar euro over sju år (2014-2021).

Statssekretær Holte skal også møte mellom anna økonomi- og utviklingsminister Alexis Charitsis og visestatsminister Ioannis Dragasakis. Eit viktig tema blir den økonomiske situasjonen og gjeldskrisa som har råka Hellas. Eit anna sentralt tema blir korleis EØS-midla kan styrke gresk handtering av utfordringar knytta til asyl og migrasjon.

- Eg er særs glad for at vi snart skal underteikne den nye avtalen om korleis vi skal bruka EØS-midlane i Hellas de kommande åra. Vi er enig om å halde fram samarbeidet om migrasjon, eit område der vi med EØS-midlane fekk til fleire gode prosjekt og program i den førre perioden. Vi skal óg setja i verk eit stort program for næringsliv, særleg innretta mot grøn vekst. Det vil kunne gi gode resultat for verksemder både i Noreg og Hellas. Det er fleire pengar som kan nyttast i Hellas i denne nye perioden, og vi ventar mykje godt samarbeid og styrking av kontaktane med Hellas, seier statssekretær Holte.

Holte møter og representantar for organisasjonar som arbeider med asyl og migrasjon.

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250.