Historisk arkiv

Presseinformasjon

Brende til London

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Børge Brende møter måndag 4. september Storbritannias utanriksminister, Boris Johnson, saman med utanriksministrane frå dei nordiske og baltiske landa.

- Dei nordiske og baltiske landa har alltid hatt eit nært samarbeid med Storbritannia. Dette møtet gir høve til å oppretthalde og styrke dialogen med nære naboar om felles tryggingsutfordringar og viktige internasjonale spørsmål, seier Brende.

Møtet i London kjem etter eit initiativ frå Storbritannia. Utanriksministrane vil mellom anna diskutere regionale spørsmål som tryggleik i felles nærområde, hybride trugsmål, tryggings- og forsvarssamarbeid samt aktuelle saker på den internasjonale dagsordenen som Nord-Korea, ekstremisme og kampen mot Isil.

Pressekontakt: Frode Overland Andersen (med på reisa), 917 22 022