Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utanriksministeren til ministermøte i Arktisk råd på Island

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek på ministermøtet i Arktisk råd på Island 19. og 20. mai. Møtet markerer 25-årsjubileet for Arktisk råd.

Møtet samlar utanriksministrane i alle medlemslanda i Arktisk råd, mellom anna Antony Blinken frå USA og Sergej Lavrov frå Russland. Vert for møtet er Islands utanriksminister Gudlaugur Thor Thordarsson.

Representantar for seks urfolksorganisasjonar vil også delta. Det same gjer president i Sametinget, Aili Keskitalo.

Det er i år 25 år sidan Arktisk råd vart danna. Rådet er det viktigaste forumet for samarbeid mellom dei arktiske statane. Her kjem alle dei landa som grenser til eller har interesser rundt Arktis saman for å diskutere viktige tema som vedkjem dei arktiske områda, ikkje minst klima, hav, grøn energi og berekraftige lokalsamfunn.

Eit av måla for møtet på Island er å få på plass ein strategi for Arktisk råd. Med ei ny regjering i USA som igjen har fokus på klimaendringar, har ein håp om å lukkast med dette.

Island avslutter nå formannskapen sin i Arktisk råd og Russland tek over. Om to år er det Noreg sin tur.

Sjølve ministermøtet finn stad 20. mai frå 09.00 til 11.00. I tillegg til plenumsmøta er det venta at utanriksminister Eriksen Søreide vil ha eigne møte med fleire av sine kollegaer.

Presse som ønskjer å dekke ministermøtet i Arktisk råd, må akkreditere seg her innan 7. mai: Arctic Council - The 12th Arctic Council Ministerial meeting (arctic-council.org)

Pressekontakt (med på reisa): Ane Haavardsdatter Lunde, ane.lunde@mfa.no, mob.:97 67 12 50