Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utanriksministeren til møte om tryggleik og stabilitet på den koreanske halvøya

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek på utanriksministermøtet om tryggleik og stabilitet på den koreanske halvøya som finn stad i Vancouver 15.-16. januar. Formålet med møtet er å syne internasjonalt samhald mot Nord-Korea sitt atom- og missilprogram og å styrke effekten av sanksjonane mot landet.

- Noreg vil sende klare signal til våre allierte land og verdssamfunnet om at vi ser med stort alvor på tryggingsutfordringane på den koreanske halvøya, i regionen og globalt. Nord-Koreas atom- og missilprogram kan også få øydeleggande verknader for det globale ikkje-spreiingsregimet. Med den spente situasjonen vi har i dag kring Nord-Korea-spørsmålet, er det viktig å kome fram til ei politisk løysing på konflikten, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide.

Møtet er eit felles initiativ frå Canada og USA og vil vera eit viktig forum for drøfting med allierte og nærstående land. Utanriksministrane for dei to landa vil leie møtet.

Utanriksministeren vil nytte høvet til å ha bilaterale samtalar i samband med opphaldet i Vancouver.

Pressekontakt: Kristin Enstad (med på reisa); telefon 482 68 835, e-post: kristin.enstad@mfa.no.