Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 1

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 1, 2016

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Torsdag 7. januar
Utanriksminister Børge Brende besøkjer Sri Lanka. Sjå eigen presseinformasjon.

Pressekontakt: Frode Overland Andersen, 917 22 022.

Laurdag 9. januar
Utanriksminister Brende deltek på europakonferansen til Høgre, der han skal halde innlegg kl. 12.30. Stad: Høgres Hus.

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Peder Egseth, 477 16 330.

Søndag 10. januar
Utanriksminister Brende deltek på Høgre sin felleskonferanse, på Sundvollen i Hole.

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Peder Egseth, 477 16 330.

EØS/EU-minister Elisabeth Aspaker

Torsdag 7. og fredag 8. januar
EØS/EU-minister Elisabeth Aspaker reiser til Helsingfors for å møte den finske ministeren for nordisk samarbeid, Anne Berner, som også er minister for transport og kommunikasjon. Hovudføremålet med reisa er å drøfte prioriteringar for det nordiske samarbeidet i samband med at Finland overtar formannskapet i Nordisk ministerråd i januar 2016.

Pressekontakt: Rune Bjåstad, 957 85 536.

Statssekretær Tone Skogen

Torsdag 7. januar
Kl. 09.00-15.30: Statssekretær Skogen deltek på NHO sin årskonferanse. Ho deltek også på årsmiddagen om kvelden. Stad: Oslo Spektrum.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Elsbeth Tronstad

Tysdag 5. januar
Kl. 15.00-17.30: Statssekretær Tronstad deltek på Hydro sitt nyttårsseminar om det grøne industriskiftet. Stad: Nobels fredssenter

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 7. januar
Kl. 09.00-15.30: Statssekretær Tronstad deltek på NHO sin årskonferanse. Ho deltek også på årsmiddagen om kvelden. Stad: Oslo Spektrum.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.