Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 15

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 15, 2016.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Tysdag 12. - onsdag 13. april
Utanriksminister Brende reiser til New York for møte i FN og med internasjonale organisasjonar. Brende vil mellom anna møte FNs generalsekretær Ban Ki-moon. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: New York, USA

Pressekontakt: Guri Solberg, 922 19 769

Torsdag 14. – laurdag 16. april
Utanriksminister Brende reiser til Washington i samband med Verdsbanken sitt årsmøte. Utanriksministeren vil også ha møte med amerikanske styresmakter og tenketankar. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Washington, USA

Pressekontakt: Guri Solberg, 922 19 769

EØS- og EU-minister Elisabeth Aspaker

Måndag 11. april
Kl. 20.00: Statsråd Aspaker deltek i ein middag i samband med regjeringa sin kontaktkonferanse med fylkeskommunane. Stad: Representasjonsbustaden i Parkveien 45, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 12. april
Kl. 09.00: Statsråd Aspaker deltek på regjeringa sin kontaktkonferanse med fylkeskommunane der statsråden held innlegg og deltek i ein spørsmålsrunde. Stad: Thon Hotel Opera, Oslo.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536.

Onsdag 13. - torsdag 14. april
Statsråd Aspaker besøkjer Slovakia og Liechtenstein. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Bratislava og Vaduz

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536.

Laurdag 16. april
Statsråd Aspaker deltek på ein Unge Høgre-konferanse i Tromsø.

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Benedicte Staalesen Nilsen, 468 11 754

Statssekretær Tore Hattrem

Torsdag 14. april
Kl. 13.00: Statssekretær Tore Hattrem møter Selahattin Demirtas, formann i HDP-partiet i Tyrkia. Stad: Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 14. og fredag 15. april
Statssekretær Tore Hattrem besøkjer Finnmark for mellom anna å møte fylkesrådet. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Kirkenes

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Tone Skogen

Onsdag 13. – laurdag 16. april
Statssekretær Tone Skogen reiser til Washington for deltaking på Crop Trust gjevarkonferanse og Verdsbanken sitt årsmøte. Stad: Washington, USA

Pressekontakt: Guri Solberg, 922 19 769

Statssekretær Elsbeth Tronstad

Måndag 11. april
Statssekretær Tronstad held innlegg på europastudentane sin karrieredag på NTNU. Statssekretæren møter også Gunnar Bovin, rektor ved NTNU, mellom anna for å diskutere norsk deltaking i EU sitt samarbeid om forsking. Stad: NTNU, Trondheim

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02