Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 39

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 39, 2016.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Laurdag 24.-tysdag 27. september
Utanriksminister Brende vitjar Colombia for å delta på seremonien i samband med signeringa av fredsavtalen mellom colombianske styresmakter og Farc-geriljaen. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Cartagena, Colombia

Pressekontakt: Kristin Enstad, 482 68 835.

EØS- og EU-minister Elisabeth Vik Aspaker

Onsdag 28. september
Kl. 11.00: Statsråd Vik Aspaker held innlegg på septemberseminaret i regi av Handelshøgskulen Nord. Tema for seminaret er internasjonal handel og marknadsadgang. Stad: Handelshøgskulen Nord, Bodø.

Kl. 14.00: Statsråd Vik Aspaker held innlegg og deltek på møte i Bodø næringsforum. Tema er brexit. Stad: Sentrum Atrium, Dronningens gate 18, Bodø.

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250.

Fredag 30. september
Kl. 10.00: Statsråd Vik Aspaker vitjar Universitetet i Tromsø for å lære meir om dei europeiske samarbeidsprosjekta deira. Stad: Universitetet i Tromsø.

Kl. 12.30: Statsråd Vik Aspaker vitjar Ksat (Kongsberg Satellite Services) for å høyre om Ksat si verksemd og dei europeiske samarbeidsprosjekta deira. Stad: Prestvannveien 38, Tromsø

Pressekontakt: Siri R. Svendsen, 976 87 801.

Statssekretær Tone Skogen

Måndag 26. september
Kl. 14.00: Statssekretær Tone Skogen møter Ivar Kristiansen frå NHO Nordland og Trond Helge Hansen fra NorLense. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 27. september
Kl. 13.00: Statssekretær Tone Skogen møter Per Reinboth frå Green Mountain. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 28. september
Kl. 10.30: Statssekretær Tone Skogen møter ein delegasjon med dommarar frå Guatemala. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.