Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 22

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 22, 2017.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 29. mai 
Utanriksminister Brende reiser til Berlin for politiske samtalar. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Berlin, Tyskland

Pressekontakt: Kristin Enstad, 482 68 835.

Tysdag 30. mai
Utanriksminister Brende deltek på møte for utanriksministrane i dei nordiske og baltiske landa og Visegrad-landa. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Sopot, Polen

Pressekontakt: Kristin Enstad, 482 68 835.

Onsdag 31. mai
Kl. 09.00: Utanriksminister Brende held opningsinnlegget på Agenda Ocean-konferansen i samband med Nor-Shipping 2017. Stad: Thon Hotel Arena, Lillestrøm

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 1. juni
Kl. 16.00: Utanriksminister Brende er i Stortinget i samband med handsaminga av melding til Stortinget om hav i utanriks- og utviklingspolitikken og årsrapportar frå Stortinget sine faste delegasjonar til internasjonale parlamentariske forsamlingar i 2016. Stad: Stortinget

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 2. juni
Kl. 14.30: Utanriksminister Brende deltek i ein samfunnsfagtime ved Kirkeparken vidaregåande skule. Stad: Moss

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Bård L. Thorheim, 975 45 181

EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen

Tysdag 30. mai
Kl. 10.00: EØS- og EU-minister Bakke-Jensen held utgreiing om arbeidet med nordiske grensehindre. Stad: Stortinget

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Kl. 14.00: EØS- og EU-minister Bakke-Jensen møter administrerande direktør i Norsk olje og gass, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Onsdag 31. mai
Kl. 09.00: EØS- og EU-minister Bakke-Jensen held innlegg og deltek i paneldebatt under EØS-konferansen for tilsette i statsforvaltinga. Stad: Det norske teatret, Oslo

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250.

Torsdag 1. juni
Kl. 10.30: EØS- og EU-minister Bakke-Jensen møter administrerande direktør John-Arne Røttingen i Noregs forskingsråd. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250.

Statssekretær Marit Berger Røsland

Tysdag 30. – onsdag 31. mai
Statssekretær Berger Røsland reiser til Moldova for politiske samtalar. Eigen presseinformasjon følgjer. (NB. Reisa er avlyst). Stad: Chisinau, Moldova

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 1. juni
Kl. 14.30: Statssekretær Berger Røsland møter ein indisk parlamentarikerdelegasjon. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 2. juni
Kl. 15.00: Statssekretær Berger Røsland møter Seiichiro Mise (overlevande etter atombomben over Nagasaki) og Norske legar mot atomvåpen. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Tone Skogen

Måndag 29. mai
Kl. 10.00: Statssekretær Skogen deltek i paneldebatten «Ny amerikansk og norsk utviklingspolitikk – korleis når vi FNs berekraftsmål?» under opninga av FN-sambandet sitt landsmøte. Stad: Oslo kongressenter

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 12.45: Statssekretær Skogen deltek på ein lunsj i høve statspartsmøtet under Havnestatsavtalen. Stad: Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 30. mai
Kl. 10.00: Statssekretær Skogen møter Fokus (Forum for kvinner og utviklingsspørsmål). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 11.00: Statssekretær Skogen deltek på lanseringa av ein ernæringsstudie i regi av Redd Barna. Stad: Kulturhuset, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 31. mai
Kl. 14.30: Statssekretær Skogen deltek på eit møte i høve statspartsmøtet under Havnestatsavtalen. Stad: Høgres Hus, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Laila Bokhari

Måndag 29. mai
Kl. 14.00: Statssekretær Bokhari møter Dr. Richard Hatchett, leiar for Cepi (Coalition for Epidemic Preparedness Innovations). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 31. mai – laurdag 3. juni
Statssekretær Bokhari deltek på Litteraturfestivalen på Lillehammer. Stad: Lillehammer

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Elsbeth Tronstad

Måndag 29. mai
Kl. 12.00: Statssekretær Tronstad møter norske fagetatar som er involvert i gjennomføringa av EØS-midlane. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta 23 95 00 02

Tysdag 30. mai
Kl. 13.30: Statssekretær Tronstad held innlegg på eit seminar om utvikling av ressursar på havbotnen i regi av DNV og Utanriksdepartementet. Stad: DNV, Oslo

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250.

Torsdag 1. juni
Kl. 14.00: Statssekretær Tronstad held innlegg på seminaret EU focal point for valobservatørar, i regi av Nordem. Stad: Flyktninghjelpa, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta 23 95 00 02