Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 32

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 32, 2015.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 3. – onsdag 5. august
Utanriksminister Brende deltek på Asean sitt årlege utanriksministermøte i Kuala Lumpur. Utanriksministeren ønskjer å stadfeste Noregs intensjonar om utvida samarbeid med organisasjonen. Sjå eiga pressemelding. Stad: Kuala Lumpur, Malaysia.

Pressekontakt: Veslemøy Lothe Salvesen (med på reisa) 995 68 584

Statsråd Vidar Helgesen

Tysdag 4. - onsdag 5. august
EØS/EU-minister Vidar Helgesen reiser til Hellas 4. og 5. august. I Aten skal han ha politiske samtalar med fleire regjeringsmedlemar og den greske sentralbanksjefen. Hovudtema er migrasjon og EØS-midlane, samt den økonomiske situasjonen i Hellas. Statsråden skal også besøke Lesvos, der det norsk-finansierte mottakssenteret er planlagt. Sjå eiga pressemelding. Stad: Aten og Lesvos

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536