Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 40

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 40, 2015.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.  

Utanriksminister Børge Brende

Torsdag 24. september – torsdag 1. oktober
Utanriksminister Brende deltek på høgnivåveka under generalforsamlinga i FN. Sjå eiga pressemelding med program og pressekontaktar. Stad: New York.

Fredag 2. oktober
Kl. 13.00: Utanriksminister Brende deltek på den høgtidelege opninga av Stortinget.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statsråd Vidar Helgesen

Måndag 28. september
Statsråd Helgesen er i Washington for å ha samtalar om TTIP (handelsavtale mellom USA og EU). Der møter han mellom anna Benjamin Ziff ved Europa-kontoret i det amerikanske utanriksdepartementet og Kate Kalutkiewicz, direktør for europeiske saker ved kontoret til handelsrepresentanten (Office of the U.S. Trade Representative). Stad: Washington

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Tysdag 29. september
Statsråd Helgesen er i New York, for å ha møte med ei rekke representantar for mottakarland av EØS-midlane. EØS/EU-ministeren møter mellom anna utanriksministrane frå Latvia, Estland, Romania og Slovakia, og statsministeren frå Malta. Stad: FN-bygninga, New York.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.
Pressekontakt i New York er Kristin Enstad, 482 68 835.

Onsdag 30. september
Statsråd Helgesen er i New York, for å ha møte med ei rekke representantar for mottakarland av EØS-midlane. EØS/EU-ministeren møter mellom anna utanriksministrane frå Bulgaria, Portugal, Kypros og Litauen. Stad: FN-bygninga, New York.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.
Pressekontakt i New York er Kristin Enstad, 482 68 835.

Torsdag 1. oktober
Statsråd Helgesen deltar på G20-landa sitt energiministermøte i Istanbul, Tyrkia. Statsråden skal halde innlegg under rundebordsdiskusjonen mellom ministrane, og han skal ha bilaterale møte med mellom anna direktør for IEA, Fatih Birol og den tyrkiske ministeren for energi og naturressursar, Ali Rıza Alaboyun. Stad: Istanbul

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Fredag 2. oktober
Kl. 12.00: Statsråd Helgesen deltar på avdukinga av ein minneplakett i regi av den estiske ambassaden. Stad: Comfort Hotel Xpress Youngstorget, Møllergata 26, Oslo.

Kl. 13.00: Statsråd Helgesen deltar ved opninga av Stortinget.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Statssekretær Tore Hattrem

Tysdag 29. september
Kl. 18.00: Statssekretær Hattrem deltek på eit seminar i regi av Europabevegelsen og Europeisk ungdom om tryggingspolitikk og Noreg sitt forhold til EU på dette området. Stad: Litteraturhuset, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 30. september
Kl. 13.30: Statssekretær Hattrem møter Frank A. Rose, Assistant Secretary of State for Arms Control, Verification, and Compliance, US Department of State. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Tone Skogen

Måndag 28. september - søndag 4. oktober
Statssekretær Skogen deltek på høgnivåveka under generalforsamlinga i FN. Stad: New York.

Pressekontakt: Frode Overland Andersen, mobil 917 22 022 (24/9-28/9)
Kristin Enstad, mobil 482 68 835 (29/9-1/10)

Statssekretær Elsbeth Tronstad

Måndag 28. – tysdag 29. september
Statssekretær Tronstad vitjar Romania der ho skal ha politiske samtalar med rumenske styresmakter og delta på ein konferanse om Rom og diskriminering. Stad: Cluj-Napoca, Romania.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 30. september
Kl. 13.00: Statssekretær Tronstad møter representantar frå NHO som vil informere om sitt europapolitiske arbeid. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 1. oktober
Kl. 10.00: Statssekretær Tronstad held innlegg om Noreg og EU for norske og utanlandske journaliststudentar ved Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA). Stad: Oslo (HiOA)

Pressekontakt: Hilde Steinfeld, 404 08 314.