Internasjonal konferanse for å styrkje vernet av sivile mot eksplosive våpen

– Stadig fleire væpna konfliktar går føre seg i byar. Når eksplosive våpen blir brukte i byar blir ramma dei sivile brutalt. Men også i krig finst det reglar. Vi må gjere meir for å sikre etterleving av humanitærretten og sikre betre vern av sivile frå bomber og andre eksplosive våpen, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

Tysdag 23. april samlast rundt 90 statar i Oslo for å styrkje vernet av sivile mot eksplosive våpen. Når byar er åstad for bombing, blir sivile og sivil infrastruktur ramma svært hardt. Det skaper store lidingar, sjukdom og død og tek ifrå befolkninga livsgrunnlaget. Udetonerte eksplosiv blir liggjande og må mødesame ryddast vekk i mange år etterpå. 

– Det siste året har vi sett enorme menneskelege lidingar av eksplosive våpen i byar i Sudan, Ukraina, Gaza og ei rekkje andre stader. Det skaper store humanitære behov. Og når sivil infrastruktur som sjukehus, vassverk eller skular blir ramma blir konsekvensane ofte langvarige, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.

23. april finn den første internasjonale oppfølgingskonferansen om erklæringa å styrkje vernet av sivile mot eksplosive våpen stad i Oslo. Konferansen samlar rundt 90 statar, deltakarar frå FN, Røde Kors-rørsla og sivilsamfunnsaktørar for å diskutere korleis ein i praksis styrkjer vernet av sivile frå effektane av bombar og andre eksplosive våpen.

– Erklæringa er eit viktig bidrag til å styrkje etterlevinga av krigsfolkeretten og vi håpar at endå fleire statar vil slutte seg til han. Ved å gjennomføre forpliktingane i erklæringa kan vi verne sivile frå dei mest brutale konsekvensane av krigen, seier Eide. 

Fakta

  • 90 prosent av dei som blir ramma av eksplosive våpen når dei blir brukte i folkerike område er sivile. 
  • I november 2022 gjekk Noreg saman med 82 andre land saman om ei politisk erklæring om å gi sivile betre vern mot eksplosive våpen. Målet er å styrkje vernet av sivile. 
  • Erklæringa inneheld forpliktingar om mellom anna å unngå eller avgrense bruk av eksplosive våpen i byar når dei kan forventast å ramme sivile, sørgje for tilstrekkeleg humanitær hjelp til offer og dele data om skadeverknader med dei som skal respondere. 
  • Erklæringa skal bidra til å styrkje etterlevinga av krigsfolkeretten/humanitærretten i praksis.
  • Sjå oversikt over kva land som støttar erklæringa (ewipa.org)

Presseakkreditering 

Akkreditert presse har høve til å delta under opninga av konferansen. Interesserte journalistar blir bedne søkje om tilgang via dette søknadsskjemaet (arkon.no).

Frist for å søkje om presseakkreditering er måndag 22. april. 

Pressekontakt: Ragnhild Simenstad, ragnhild.simenstad@mfa.no, 91 71 74 59