Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinvitasjon:

Inviterer til møte om algeoppblomstringa

Fiskeriminister Harald T. Nesvik inviterer alle oppdrettarar som er ramma av algeoppblomstringa til eit møte i morgon, tysdag 18. juni.

- Algeoppblomstringa i Nord-Noreg har ramma oppdrettsnæringa og lokalsamfunna hardt. I tillegg er dette ein tragedie for dyrevelferda. Mitt mål med møtet er å danne meg eit bilde av korleis den enkelte oppdrettar er ramma, og å drøfte eventuelle tiltak for å avhjelpe situasjonen, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.

I morgon møter fiskeriministeren representantar frå oppdrettsnæringa, Havforskningsinstituttet, Mattilsynet og Fiskeridirektoratet. Nesvik ønsker å høyre kva erfaringar dei ramma bedriftene har gjort seg i forbindelse med algeoppblomstringa. I tillegg ønsker han innspel til tiltak som kan settas i verk, både av næringa sjølv, og av myndigheitene, for å stå betre rusta under ein tilsvarande hending i framtida.

Sjølve møtet er lukka, men pressa kan ta bilete i starten av møtet. Husk pressekort eller ID.

Kva: Møte om algeoppblomstringa.

Tidspunkt: Tysdag 18. juni kl 16:00.

Kor: Kongensgate 8, Oslo.

Til toppen