Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Kan auke produksjonen av norsk korn på eksisterande areal

Det er god moglegheit for å auke produksjonen av norsk korn. Areala i dag har eit betydeleg høgare avlingspotensial enn det som blir hausta. Det syner ein gjennomgang frå forskarar i NIBIO og NMBU.

Analysane syner og at avlingsgapet er større i Noreg enn i andre europeiske land.

Omgrepet avlingsgap, eller «Yield Gap», uttrykkjer forskjellen mellom teoretisk oppnåeleg avling og det som blir teke ut gjennom praktisk dyrking. Analysar av avlingsgapet får mykje merksemd blant forskarar internasjonalt, men og her i Noreg er det gjort ulike analysar og vurderingar for våre tilhøve. Desse undersøkingane er no samla i ein ny NIBIO-rapport.  

Korn Bygg.
Bygg. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Kan snu trenden

For norsk korn har det generelle avlingsnivået stagnert og arealet gått ned sidan 1990-talet. Riktig nok har det etter 2013 vore fleire gode sesongar med optimale vêrtilhøve, der avlingane i for eksempel bygg har vore over gjennomsnittet. For desse åra er avlingsgapet redusert, men resultata over tid indikerer likevel at det er stort potensial for betring.

Yield gap

Hensikta med Yield Gap er å identifisere utnytta potensial for å auke produksjonen. Både forskarar, kornbransjen og samfunnet treng meir kunnskap om kor store avlingar vi potensielt kan ta ut i ulike regionar, ut frå naturgitte vilkår i ulike regionar. Det samme gjeld effektiviteten av ulike agronomiske tiltak og samspel mellom desse.