Historisk arkiv

Opninga av Transnova:

Klar med dei første tildelingane av midlar til ladestasjonar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

93/09

- Å få på plass ladestasjonar der folk ferdast er ein viktig del av strategien regjeringa har for å elektrifisere transportsektoren raskare. Eg er difor glad for at miljøprosjektet Transnova no er i gang med å tildele statlege midlar som vil gje mange nye ladestasjonar, sa samferdselsminister Navarsete i dag ved opninga av Transnova i Trondheim.

- Å få på plass ladestasjonar der folk ferdast er ein viktig del av strategien regjeringa har for å elektrifisere transportsektoren raskare. Fleire ladestasjonar rundt i landet vil gjere det enklare å eige bilar som kan gå på straum. Eg er difor glad for at miljøprosjektet Transnova no er i gang med å tildele statlege midlar som vil gje mange nye ladestasjonar. Dette sa samferdselsminister Liv Signe Navarsete i dag ved opninga av miljøprosjektet Transnova i Trondheim. 

Elbilsjåførar som køyrer til kjøpesenteret CC Mart’n på Gjøvik og Strandtorget Kjøpesenter på Lillehammer kan om kort tid glede seg over at dei kan lade køyretøya sine på desse stadene.

I tiltakspakka, som blei lagt fram 26. januar i år, løyvde regjeringa 50 millionar kroner til bygging av ladestasjonar for elbil. Sidan 13. mai i år har mellom anna kommunar, burettslag, sameiger og kommunale og kommersielle aktørar hatt høve til å søkje om midlar til etablering av ladepunkt.

- Når tilskotsordninga no er etablert, vonar eg at bunken med søknader blir høg. Transnova tek imot og handsamar søknader fortløpande. Signal som eg har fått, tyder på at det er brei interesse for midlane, seier samferdselsministeren. 

Mljøprosjektet Transnova er oppretta på bakgrunn av klimameldinga og klimaforliket som blei lagt fram 7. januar 2008. Transnova skal mellom anna gje tilskot til tiltak som reduserer klimagassutsleppa frå transportsektoren. Prosjektet blei for første gong tildelt midlar over statsbudsjettet for 2009, og er etablert ved Teknologiavdelinga til Statens vegvesen Vegdirektoratet i Trondheim. 

For fleire opplysningar - sjå: www.transnova.no

For meir informasjon – ta kontakt via:

Edvard Andersen
Rådgjevar
Kommunikasjonsavdelinga
Samferdselsdepartementet
E-post: edvard.andersen@sd.dep.no
Tlf.: (+47) 22 24 83 79
Mobil: (+47) 905 11 667