Historisk arkiv

Kunnskaps- og integreringsministeren til Grimstad og Lillesand

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Torsdag 15.august kjem kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner til Aust- Agder. Han deltek på skolestart for førsteklassingar på Tingsaker skole.

Sanner besøker deretter Eide barnehage i Homborsund og Hokus pokus barnehage i Grimstad. Sanner ønskjer å sjå gode eksempel på arbeid med tidleg innsats og ha dialog om korleis barnehagar og skolar arbeider for å fange opp barn og elevar som strevar.

Tidleg innsats er eit av dei viktigaste satsingsområda til regjeringa. I dag får mange barn hjelp for seint, og for mykje av hjelpa desse elevane får blir gitt av ukvalifiserte. Regjeringa arbeider no med ei stortingsmelding om tidleg innsats.

Tidspunkt: Torsdag 15.august kl.08.50-12.30

Pressa er velkomen og det blir høve til å intervjue politikarane.


Journalistar som ønskjer å delta kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet Ajfer Husejin på telefon 959 36 485 eller pr. e-post på Ajfer.Husejin@kd.dep.no

Program for dagen:

08:50-09.50     Besøk på Tingsaker skole. Adresse: Tingsakermoen, 4790 Lillesand.

08.50

Statsråden blir tatt imot av rektor Roy Slettene og to nye førsteklassingar med foreldre.

08.55

Oppstilling i skolegarden

09.00 (presis) – 09.20

·       Velkomst med song fråfadderklassen

·       Helsing frå rektor

·       Helsing frå statsråden (3 min.)

·       Rektor, klasselærarar og statsråd helsar på elevar

09.20

Foreldra går saman med elevar til klasserom. Statsråden følgjer 1 A

09.30

Foreldremøte i klassen med lærarane og elevane.

 

10.30-11.15     Besøk Eide barnehage. Adresse: Jorvardeveien 40, 4888 Homborsund.

Klokkeslett

Aktivitet

Kl. 10.30

Statsråden blir tatt imot av styrar og barn

Kl. 10.35 – 11.10

Besøk i barnehagen sine tre avdelingar; statsråden får bl.a. sjå korleis barnehagen arbeider med  rammeplanen i praksis.

 

Kl. 11.10 – 11.00

Dialog og samtale om korleis barnehagen arbeider med tidleg innsats og med rammeplanen i praksis.

Kl.  11.00

Avreise til Hokus Pokus barnehage, Grimstad

 

11.30-12.30     Besøk Hokus Pokus barnehage. Adresse: Jon Lilletuns vei 8, 4879 Grimstad.       

Klokkeslett

Aktivitet

Kl. 11.30

Statsråden blir tatt imot av styrar og barn

Kl. 11.35 – 12.10

Omvising i barnehagen. Statsråden møter barn og tilsette og deltek i aktivitetar.

Kl.  12.10

Dialogmøte om barnehagen sitt arbeid med tidleg innsats, og særleg arbeid med livsmeistring.

Kl.  12.30

Avreise