Historisk arkiv

Landbruks- og matministeren sitt innlegg til Stortinget si behandling av næringskomiteen si innstilling om Endringer i lov om dyrevelferd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Innstilling fra næringskomiteen om Endringer i lov om dyrevelferd (omplassering og salg av dyr i midlertidig forvaring mv.) (Innst. 142 L (2017–2018), jf. Prop. 30 L (2017–2018))

Eg meiner det er viktig at vi rettar opp i lover og reglar som er inkonsistente, og som over tid er urimelege. Når vanlege folk opplever at lovverket ikkje er tilpassa den situasjonen ein sjølv er i, hender det seg at det er lovverket det er noko gale med. Dette er eit godt eksempel på det, for det har altså vore slik at sjølv om ein dyreeigar vert fråteken dyret fordi det openbert ikkje er tilstrekkeleg dyrevelferd i den situasjonen dyret har vore i, har den same eigaren kunna krevje dyret avliva i staden for omplassert. Det rettar vi no opp i.

Eg er glad for at komiteen sluttar seg til dei forslaga regjeringa har levert, og vi går difor i gang med implementeringa av arbeidet.

Mellombels forvaring kan verte gjennomført på dyrehaldarens rekning. Regelen om kostnader er ein kan-regel. Kostnaden til utvida mellombels forvaring på grunn av behandling av klagen kan i utgangspunktet verte belasta dyrehaldaren dersom vedkomande ikkje får medhald i klagen.

Dersom klagen tek lang tid, kan dette likevel vere problematisk. Eg har difor merka meg at komitéfleirtalet har slutta seg til vurderingane som Norges Bondelag har gjort når det gjeld praktisering av kostnadsdekninga, som må vere føreseieleg og på den måten bidreg til ein reell klagerett for dyrehaldaren. Det vil vi følgje opp. Det er f.eks. urimeleg at dersom det er unødig lang saksbehandlingstid i Mattilsynet, er det dyreeigaren som må finansiere det. Dette kjem vi til å følgje opp og ettersjå at Mattilsynet praktiserer på ein tilstrekkeleg fleksibel måte.

Samtidig trur eg det er rett av meg å vere ærleg overfor Stortinget på at det framleis er grunn til å tru at det vil vere noko ulik praktisering også i omplasseringsspørsmålet mellom tradisjonelle produksjonsdyr og kjæledyr – slik vil bruken av lova i konkrete saker kunne verte påverka av korleis den ordinære forståinga av kor viktig det er å vareta enkeltindivid er. Spesielt er det naturlege i delar av produksjonsdyrmiljøet.

Eg er glad for at vi no får til denne endringa, ho har lenge vore etterspurd og vil leggje til rette for at Mattilsynet kan finne dei beste løysingane i dei enkelte sakene der dyr er tekne i mellombels forvaring. Eg takkar difor komiteen for å slutte seg til forslaget frå regjeringa.