Historisk arkiv

Landbruks- og matministeren sitt innlegg til Stortinget si behandling av Dokument 8:11 S (2016-2017)) om forbud mot import av gatehunder til Norge

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matministeren sitt innlegg på representantforslag frå stortingsrepresentantane Jenny Klinge, Geir Pollestad og Kjersti Toppe om forbod mot import av gatehundar til Noreg, Dokument 8:11 S (2016-2017), Innst. 198 S (2016-2017).

Eg er glad for den komitéinnstillinga som i dag ligg føre, og som ikkje vedtek det som representantforslaget opphavleg la opp til, nemleg å be regjeringa til å innføre eit forbod, men som ber regjeringa stramme inn forvaltningspraksisen, i tråd med det brevet eg har sendt til komiteen. Det trur eg er ein hensiktsmessig måte å handtere dette på.

Det er ingen tvil om at smitterisiko til Noreg er ei bekymring for mange, og med rette. Vi har god helsestatus på norske husdyr, vi har god helsestatus på norske kjæledyr, men det er ingen tvil om at det ikkje kjem av seg sjølv. Det gjer at det er viktig å vere bevisst på kva slags risiko vi løper når vi transporterer dyr over landegrensene. Andre bakteriar, andre sjukdomar som vi i dag ikkje har i Noreg, kan etablere seg i Noreg dersom vi ikkje i tilstrekkeleg grad har kontroll.

Samtidig er det jo slik at viss ein ser eit steg lenger framover, er det viktig at vi klarer å forvalte dette på eit vis som gjer at folk som har handla dyr over landegrensene, f.eks. på kjæledyrsida, ikkje lid unødig last med dette forslaget. For dei som importerer hundar f.eks. til bruk for å forbetre avl i Noreg – det kan vere små hunderasar, eller det kan vere brukshundar som blir brukte i landbrukssektoren, gjetarhundar og andre typar dyr, der ein har utveksling av genmateriale på tvers av landegrensene, der ein har betydeleg import og eksport av det – er vi nøydde til å finne fornuftige avvegingar, slik at vi ikkje lagar dette regelverket unødig komplisert. Med den føringa som Stortinget legg i dag, vil norske hundeeigarar som gjer denne typen handel, oppleve at det vert meir komplisert, meir administrativt krevjande og dyrare å gjere dette i framtida. Det betyr at det grepet Stortinget tek i dag når dei ber regjeringa om å stramme inn forvaltningspraksisen, også medfører at aktørar som ikkje handlar gatehundar, som var det det opphavlege forslaget gjekk ut på, men som har hatt ordinær livdyrhandel, vil oppleve dette som eit innskrenkande grep. Det har eg behov for å informere Stortinget om, slik at det er klart for Stortinget når dei gjer vedtaka i dag. Eg meiner likevel at det er handterbart.

Så til representanten Lundteigen og mitt svar til komiteen knytt til EØS og prosessrisiko. Grunnen til at eg har vore tydelegare på det enn representanten Lundteigen truleg har opplevd ved ein del slike ting før, er at vi meiner at dette ligg innanfor det handlingsrommet vi har. Det er likevel greitt når ein tek slike grep, at Stortinget kjenner til den risikoen som eg meiner er der – for det første fordi det vert påklaga, for det andre fordi det alltid utløyser ein viss risiko. Eg meiner det likevel i sum er handterbart, og eg sluttar meg i stor grad til dei vurderingane som komiteen gjer når dei no innskjerpar forvaltningspraksisen.

Når det gjeld forslaget om obligatorisk ID-merking av hund, trur eg nok at mi førebelse vurdering – eg skal gjere vurderinga nøyare i tråd med bestillinga frå Stortinget – at det er nokså overflødig, av den enkle grunn at for dyr som skal importerast til Noreg, er det eit slikt krav. Å påleggje alle norske husdyreigarar ID-merking, som medfører ein kostnad som dei må ta, på gamle og unge dyr, er eg usikker på om er ei hensiktsmessig regulering frå staten.