Historisk arkiv

Landbruks- og matministeren sitt svar på spørsmål nr. 11 spørjetimen på Stortinget 24.05.2017 Statskog sitt sal av eigedomar i Oppland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Spørsmål frå representanten Tore Hagebakken (A)

Spørsmål:

«I en oversikt fra Statskog kan vi lese at pr. 2. mai 2017 er det gitt konsesjon til å selge 24 eiendommer i Oppland. Og etter dette er nå ytterligere 252 dekar i Vågå lagt ut for salg. Arbeiderpartiet og Oppland Arbeiderparti er enig med blant annet Norges Jeger- og fiskerforbund om at det er mer enn nok nå.

Hvorfor vil ikke statsråden lytte til disse innspillene og la hensynet til fellesskapets interesser bety mer enn partiideologisk overbevisning om at salg alltid er bra?» 

Svar: 

For tredje spørsmål på rad skal eg starte med å takke for spørsmålet. Så skal eg minne om at Arbeidarpartiet ein gong i tida hadde eit godt forslag, nemleg å starte dette salet og selje opptil 600 000 dekar. No har eg selt omtrent to tredjedelar av det. Så det som var ein god idé frå Arbeidarpartiet, nemleg å selje ut i arronderingssal 600 000 dekar, opplever no Arbeidarpartiet at er ein dårleg idé, når vi sel 400 000 dekar. Det einaste som har endra seg i dette, er ikkje dei partiideologiske kjepphestane frå dagens regjering, det er nok ei 180 gradars dreiing frå Arbeidarpartiet. Det er det som er nytt.

Men Arbeidarpartiet hadde ein god idé då dei faktisk var opptekne av å forvalte skogressursane våre betre. Både for at Statskog skulle ha eit effektivt selskap å drifte, som kan levere overskot til statskassa, som igjen gjev oss moglegheit for å byggje ut velferda som Arbeidarpartiet generelt er opptekne av, og samtidig sørgje for at private, norske grunneigarar får kjøpe areal for auka og betre arrondering på sine eigne skogteigar. Det kan auke avverkinga og skape verdiar i Noreg. Ikkje berre i Noreg, men i norske distrikt. Det er heile hovudargumentet for kvifor dette er fornuftig, fordi det gjev meir verdiskaping frå norske skogar, både frå det offentleg eigde selskapet og frå dei private skogeigarane.

Difor skal eg gjenta nok ein gong: 90 pst. av eigedomane er kjøpte av lokale skogeigarar i eigen kommune, av kommunen sjølv eller av ein skogeigar i nabokommunen. Dette arealet, dette salet, bidreg til å styrkje det norske private eigarskapet – et norske private eigarskapet vi treng i ei rekkje sektorar viss vi skal auke verdiane frå naturressursane våre.