Landbruks- og matministeren sitt svar på spørsmål nr. 14 i spørjetimen på Stortinget 12.10.2016 om importvernet for grønnsaker

Spørsmål frå representanten Odd Omland (A)

Spørsmål:

I møte med Findus Tønsberg den 28. september i år fikk vi høre at den norske produksjonen av frossengrønnsaker står i fare grunnet svekket konkurranseevne for norske grønnsaker. Grunnen er at importvernet for grønnsaker over tid er betydelig svekket, og at tollsatser på utenlandske grønnsaker er lave. Findus foredler i dag grønnsaker fra en rekke norske produsenter.

Vil statsråden se nærmere på denne saken, og vurdere tiltak som kan styrke konkurranseevnen til de norske grønnsakprodusentene?

Svar: 

Gjeldande tollsatsar for grønsaker og andre landbruksvarer er bundne i WTO-avtala og i andre internasjonale avtaler, f.eks. handelsavtaler med EU. Det skjer no forhandlingar i WTO om ytterlegare liberalisering av handelen med landbruksvarer. Utviklinga går i retning av meir opne marknader, og landbruket må tilpasse seg den nye konkurransesituasjonen. Noreg som land og norsk landbruk er heilt avhengig av open handel.

Grøntnæringa har i dag betydeleg konkurranse frå import. Sektoren har vore van med å ha ei slik konkurranse over lang tid. Der norske varer har ei prisulempe i den norske marknaden, har dei, samanlikna med importerte varer, også store fordelar. Det kan skuldast ulike forhold, som nærleik til marknaden for ferske produkt eller andre kvalitetsfortrinn knytte til norske produkt eller til produksjonsmåte. Eit godt eksempel på det er den norske jordbærproduksjonen. Det er eit konkurransefortrinn som norsk landbruk har, som gjev moglegheiter og marknadspotensial.

Grøntnæringa har over tid vist at ho klarer å handtere denne konkurransen. Vi har hatt ei stor og positiv utvikling med omsyn til ei mengde produkt, og produsentane har vist evne og vilje til å omstille seg og tilpasse seg denne marknadssituasjonen.

Grønsakprodusentane får økonomisk bistand over jordbruksavtala, m.a. areal- og kulturlandskapstilskot til poteter, grønsaker, frukt og bær og distriktstilskot. Subsidiegraden til norsk grønsaksproduksjon er låg samanlikna med verdiane sektoren skapar. Det er avgjerande at næringa held fram med å styrkje konkurransekrafta, slik ho har gjort til no, og utnyttar dei konkurransefortrinna ho også har innanlands.

Eg meiner at det viktigaste bidraget vi kan gje til norsk matproduksjon jamt over, og også til norske grøntprodusentar, er å sørgje for at marknadstilpassinga held fram, og at det gjev grunnlag for vekst også av innanlandsproduksjon.