Leverer første rapport om kompetansebehov

I mai 2017 sette regjeringa ned eit utval som skal finne ut meir om kva for kompetanse norsk arbeidsliv treng i framtida. På onsdag leverer Kompetansebehovsutvalet sin første rapport til Kunnskapsdepartementet. Rapporten har fått namnet Fremtidige kompetansebehov I.

Utvalsleiar Steinar Holden vil onsdag presentere forslaga frå utvalet, og kunnskaps-og integreringsministeren vil på vegne av regjeringa motta rapporten.

Pressa blir invitert til å vere tilstades under overleveringa. 

Tid:   Onsdag 31. januar kl. 12.00.

Stad: Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18, Plenumssalen 1.etg

Kontaktperson:

Kommunikasjonsrådgivar Ajfer Husejin, tlf. 95936485, e-post: ajf@kd.dep.no.

Program:

12.00         Velkommen v/kunnskaps-og integreringsminister Jan Tore Sanner

12.05         Utvalsleiar Steinar Holden presenterer rapporten

12.30         Statsråden tek i mot og takkar for rapporten

12.40         Høve for pressa til intervju med statsråden

12.50         Møte slutt

Til toppen