Historisk arkiv

Linda Eide får Kulturdepartementets pris for nynorskjournalistar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

NRK-medarbeidaren Linda Eide har fått Kultur- og kyrkjedepartementets pris for nynorskjournalistar. Prisen vart delt ut første gongen under Dei nynorske Festspela i Ørsta torsdag.

Pressemelding

Nr.: 67/06
Dato: 22.06.2006
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Roy Kristiansen, tlf 22 24 80 04

Linda Eide får Kulturdepartementets pris for nynorskjournalistar

NRK-medarbeidaren Linda Eide har fått Kultur- og kyrkjedepartementets pris for nynorskjournalistar. Prisen vart delt ut første gongen under Dei nynorske Festspela i Ørsta torsdag.

I talen sa juryformann Gry Beate Molvær mellom anna at prisvinnaren er mest ein eigen sjanger i norske medium. Linda Eide er tydeleg stolt av nynorsken sin, og ho har vore ein forkjempar for bruk av nynorsk i media. Dessutan er Linda Eide ein fryd og høyre på.

Prisen er på 50 000 kroner og eit kunstverk av Oddvar Torsheim. I juryen har også sjefredaktør Tom Hetland i Stavanger Aftenblad og forfattaren Olaug Nilssen vore med. Nynorsk mediesenter ved Magni Øvrebotten har vore sekretariat.

Meir informasjon finst hos Nynorsk mediesenter, http://www.nynorskmediesenter.no

Til toppen