Historisk arkiv

Løyve til felling av bjørn i Troms

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljødepartementet gjev løyve til felling av ein bjørn som har skada sau i Bardu kommune i Troms.

- Vi fekk saka frå Miljødirektoratet 6. juli og har 18. juli fatta vedtak om skadefelling av ein bjørn i Bardu. Eg har stor forståing for at dei som har dyr på beite i området har ønska avklaring tidlegare, men denne saka har vore krevjande, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Bakgrunnen for løyvet er registrerte skadar på sau i Bardu kommune. Det vart i kveld bekrefta to nye sauer tatt av bjørn på nordsida av Barduelva. Sidan den siste bjørnen blei skoten i Troms den 2. juli, er det registrert tap av fire sau til bjørn i Bardu kommune. Desse tapa var ikkje kjend då Miljødirektoratet fatta sitt vedtak, og dei gjer at saka no er vekta annleis.

– I denne saka har vi lagt større vekt på ei geografisk differensiert forvalting og skadeomfanget på sau, enn på bestandsmålet for bjørn og at det allereie er felt tre bjørnar i Troms denne sommaren, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Heilt sidan det ble fastsett bestandsmål for bjørn i Noreg har vi ligge godt under bestandsmålet, både nasjonalt og i Troms og Finnmark. Bestandsmålet for bjørn i Troms og Finnmark er sett til seks årlege ynglingar. I 2020 var det 2,5 ynglingar av bjørn i regionen, i følgje berekningar frå Rovdata. Det er allereie felt tre bjørnar på skadefelling i Troms hittil i år. Det er like mange bjørn som vart felt i Troms i perioden frå 2009 til 2017.

Løyvet til skadefelling gjeld for eit avgrensa område i Bardu, Målselv og Salangen kommunar. Løyvet er gitt til Bardu kommune, og det er det lokale skadefellingslaget som skal stå for gjennomføring av skadefellinga. Statens naturoppsyn vil bidra med sin kunnskap og erfaring dersom fellingslaget ber om slik bistand.

Du kan finne løyvet her.