Historisk arkiv

Marit Elisebet Totland statssekretær i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 099-97
23. oktober 1997

Marit Elisebet Totland statssekretær i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

Marit Elisebet Totland frå Bømlo i Hordaland er i statsråd torsdag utnemnt til statssekretær i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Totland (40) kjem frå stillinga som ordførar i Bømlo kommune.

Marit Elisebet Totland er utdanna adjunkt med faga psykologi, kristendom, nordisk og pedagogikk. Ho har tidlegare m.a. arbeidd som barne- og ungdomsarbeidar, lærar i grunnskule og vidaregåande skule, dagleg leiar for Kristent Pedagogisk Forbund og pedagogisk konsulent for "Kyrkja i Noreg - 1000 år". Totland har og vore forfattar av eit kristendomsverk for 1.-3. klasse.

I perioden 1991-95 har Marit Elisebet Totland vore kommunestyremedlem i Bømlo for Kristeleg Folkeparti, og frå 1995 har ho vore ordførar.

Lagt inn 24 oktober 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen