Historisk arkiv

Matproduksjonen går framleis som normalt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Som følgje av koronasituasjonen var det før sommaren bekymring rundt mangel på arbeidskraft i landbruket. Sjølv om nokon produsentar framleis opplever utfordringar, melder landbruket om at sommaren har gått betre enn venta.

Denne veka har landbruks- og matminister Olaug Bollestad arrangert det fyrste statusmøte med landbruksnæringa om koronasituasjonen i haust. I videomøtet la statsråden vekt på kor viktig det er at vi alle skal fortsetje med å vere nøye på å halde smitteverntiltaka i hevd og følgje regelverket.

Matforsyninga og leveransen i landbruket går framleis som normalt, og landbruks- og matminister Olaug Bollestad vil fortsetje med å halde regelmessige statusmøte med næringa for å følgje utviklinga utover hausten.

Potetåker.
Matforsyninga og leveransen i landbruket går framleis som normalt. Foto: Kristin Sørensen, Tromspotet