Melding frå Kongen til Stortinget om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding

Stortinget, 2. oktober 2018.

Vi HARALD, Noregs Konge,

stadfester:

I samsvar med Grunnlova gir Kongen denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida etter siste melding.

Noreg er inne i ein oppgangskonjunktur. Sysselsetjinga stig, og arbeidsløysa har gått ned i nesten to år. I august var den registrerte arbeidsløysa 2,4 prosent. BNP for Fastlands-Noreg auka med 1,9 prosent i 2017, og blir anslått å auke meir i år. Statens pensjonsfond hadde ein samla marknadsverdi ved utgangen av første halvår 2018 på 8 585 milliardar kroner.

Den økonomiske politikken har gitt eit betydeleg bidrag til den økonomiske utviklinga dei siste åra. Ekspansive budsjett bidrog til å halde aktiviteten oppe i tida etter oljeprisfallet. Samtidig har ei låg styringsrente støtta opp under ei svakare krone. Saman med moderate lønnsoppgjer har ei svakare krone betra konkurranseevna.

Bruken av oljeinntekter i 2018 vart i Revidert nasjonalbudsjett anslått til 225,5 milliardar kroner. Det tilsvarer 2,7 prosent av Statens pensjonsfond utland ved inngangen til 2018.

Regjeringa har i år sett i gang ein brei innsats for å få fleire inn i arbeidslivet. I inkluderingsdugnaden skal offentlege og private aktørar jobbe saman for å få fleire inn i ordinært arbeid.

Det er inngått ein ny avtale med partane i arbeidslivet om tenestepensjon for tilsette i offentleg sektor. Den nye pensjonsordninga er betre tilpassa prinsippa i pensjonsreforma.

Lønnsoppgjeret i 2018 var eit hovudoppgjer. Avtalerevisjonane har i all hovudsak vore løyste gjennom forhandlingar og mekling. Det har vore få konfliktar.

Dei fleste i Noreg har forsvarlege arbeidsforhold. Det er likevel utfordringar i enkelte næringar og yrke. Regjeringa sin strategi mot arbeidslivskriminalitet er derfor vidareført og utvida.

Måla i skattereforma om breie skattegrunnlag og lågare skattesatsar er blitt følgde opp. Skattesatsen på allmenn inntekt er i 2018 redusert med ytterlegare eitt prosentpoeng, til 23 prosent.

Dei årlege innsparingane for næringslivet av forenklingstiltak som er gjennomførte i perioden frå 2011 til 2017, utgjer over 15 milliardar kroner. Regjeringa er godt i gang med arbeidet for å nå det nye målet, som er ei årleg innsparing på 10 milliardar kroner i perioden frå 2017 til 2021.

Regjeringa har ein aktiv næringspolitikk med strategiar og tiltak for havnæringane, industrien og reiselivet, og gjennom dei breie ordningane i verkemiddelapparatet.

Noreg er den nest største eksportøren av sjømat i verda. I 2017 vart det eksportert sjømat frå Noreg for 94,5 milliardar kroner.

Regjeringa har som mål at Noreg framleis skal vere ein leiande havnasjon, og har lansert fleire viktige initiativ for havet og havnæringane.

Noreg har etablerert eit internasjonalt høgnivåpanel for berekraftig havøkonomi, som statsministeren leier. Regjeringa har også etablert eit bistandsprogram mot marin forsøpling.

Etter ein nødvendig omstillingsprosess i petroleumsindustrien har aktiviteten på norsk sokkel teke seg opp, og framtidsutsiktene er positive.

I 2017 tok Olje- og energidepartementet imot utbyggingsplanar for ti nye olje- og gassprosjekt. Det er dobbelt så mange som i 2016. Så langt i år har departementet teke imot tre utbyggingsplanar.

Regjeringa har arbeidd for at norske bedrifter skal ha gode og føreseielege handelspolitiske rammevilkår i WTO. Det er gjort framsteg i frihandelsforhandlingane med Kina.

Noreg har mobilisert for å forsvare dei verdiane og institusjonane som vi byggjer utanrikspolitikken vår på. Vi har fremja multilateralt samarbeid og den internasjonale rettsordenen.

Å bidra til internasjonal tryggleik er ei kjerneoppgåve for utanrikspolitikken.

Noreg har arbeidd for framleis sterkt transatlantisk og europeisk samhald, og har vore ein pådrivar for å styrkje forsvarsevna til NATO. Vi har også vidareført eit pragmatisk samarbeid med Russland.

Sidan 2014 har regjeringa styrkt satsinga på eit tettare tryggingspolitisk samarbeid i Europa.

Regjeringa har også vidareført bidrag til NATO og alliansen sin operasjon i Afghanistan, og vår støtte til FN sine fredsoperasjonar i Midtausten, Sør-Sudan og Mali.

Noreg har offisielt lansert sitt kandidatur for ein plass i FNs tryggingsråd for perioden 2021–2022.

Regjeringa har lagt fram ein ny strategi for samarbeidet med EU for perioden frå 2018 til 2021.

Dialogen med EU og Storbritannia er intensivert for å få best moglege rammer for samarbeidet når Storbritannia forlèt unionen. 

Statsministeren har leidd FNs pådrivargruppe for berekraftsmåla. Ho har fremja helse, utdanning og hav som dei norske prioriteringane.

Våren 2018 vart klimastrategien for 2030 vedteken i Stortinget. Måla skal oppfyllast med hovudvekt på innanlandske reduksjonar i utsleppa og med nødvendig bruk av fleksibilitetsmekanismane i EU-regelverket. Regjeringa forhandlar med EU om felles oppfylling av utsleppsmåla. 

Regjeringa har følgt opp ambisjonane i langtidsplanen for Forsvaret. Forsvaret rapporterte i 2017 om at alle forsvarsgreinene hadde fleire styrkar tilgjengelege for operative oppdrag enn i 2016.

Forsvaret har starta investeringane i nytt utstyr og moderne våpen. Vi er blitt einige om endringar i verneplikta og etableringa av Finnmark landforsvar. Forsvaret har styrkt mannskapet sitt i nord.

Regjeringa har ført vidare arbeidet med å styrkje det nasjonale tryggingsarbeidet. Forslag til forskrifter til lov om nasjonal tryggleik har vore på høyring.

Også i 2017 var driftsresultata i kommunesektoren gode. Talet på ROBEK-kommunar er no det lågaste nokon gong.

Regjeringa sitt forslag til ny kommunelov, som skal styrkje det kommunale sjølvstyret, er vedteken av Stortinget.

Stortinget har slutta seg til regjeringa sitt opplegg for vidare arbeid med endringar i kommunestrukturen. Det er framleis nødvendig å jobbe for større og sterkare kommunar.

For å hindre utanforskap og for å sikre at flest mogleg blir økonomisk sjølvstendige, har regjeringa forsterka innsatsen og samarbeidet med kommunane om å løfte bydelar med sosiale utfordringar.

Samferdsel er framleis eit av satsingsområda for regjeringa. Aktiviteten er høg både for utbygging og vedlikehald. Vedlikehaldsetterslepet på veg blir redusert for fjerde år på rad. Talet på trafikkdrepne i 2017 var det lågaste sidan 1947.

Strukturendringane i nærpolitireforma er ferdigstilte. Endringane har vore nødvendige for å leggje grunnlaget for betre polititenester og eit politi som er rusta til å møte dagens og morgondagens kriminalitetsutfordringar, mellom anna i det digitale rommet.

Stortinget har slutta seg til regjeringa sitt forslag om å innføre ei plikt for skulen til å tilby intensiv opplæring til elevar på 1.–4. trinn som strevar med lesing, skriving eller rekning.

Regjeringa har vedteke ny tilbodsstruktur for yrkesfaga, og at alle faga i grunnskulen og fellesfaga i videregåande skule skal fornyast.

Regjeringa har innført ei nasjonal bemanningsnorm og skjerpa pedagognorma i barnehagen. Regjeringa har også innført ei norm for lærartettleik i grunnskulen, i tråd med Stortinget sitt vedtak.

Regjeringa følgjer opp langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Totalt tilsvarer løyvingane til FoU i år over 1 prosent av forventa BNP.

Det er innført obligatorisk norskopplæring i asylmottak. Innsatsen mot negativ sosial kontroll og tvangsekteskap er forsterka. Mellom anna er ordninga med minoritetsrådgivarar styrka.

Ny åndsverklov tok til å gjelde 1. juli, og regjeringa har sendt eit forslag til ny medieansvarslov på høyring.

Regjeringa har starta arbeidet med reforma Leve heile livet. Reforma skal skape eit meir aldersvennleg samfunn.

Om lag 2 millionar pasientar fekk helsehjelp ved somatiske sjukehus i 2017. Det er 1,2 prosent fleire enn året før.

Gjennomsnittleg ventetid i spesialisthelsetenesta var 57 dagar i 2017, ein nedgang på tre dagar frå året før.

Regjeringa har auka tilskotsramma for heildøgns omsorgsplassar, slik at det i 2018 er mogleg for kommunane å søkje om tilskot til 2 500 plassar.

Regjeringa styrkjer innsatsen mot vald og overgrep mot barn. Ein nasjonal strategi for foreldrestøtte vart lagd fram i juni 2018. Innsatsen mot barnefattigdom har òg høg prioritet.

Frå 1. juli i år vart mødre- og fedrekvoten i foreldrepengeordninga utvida til 15 veker.

Regjeringa har fremja, og Stortinget vedteke, endringar i barnevernlova for å styrkje rettstryggleiken til barn og foreldre i barnevernssaker.

I oktober 2017 la regjeringa fram ein kompetansestrategi for det kommunale barnevernet.

Regjeringa inngjekk i mai ein jordbruksavtale med begge organisasjonane. Etter tørken i sommar vart det i august semje om ein tilleggsavtale på 525 millionar kroner til erstatningar for avlingsskade for dei bøndene som er råka.

Regjeringa har styrkt konkurranseevna for skog- og trenæringa. Avverkingstala i 2017 var blant dei høgaste sidan registreringane starta på 1920-talet.

---

Overskotet på driftsbalansen overfor utlandet var på 182 milliardar kroner i 2017, opp 64 milliardar kroner frå 2016.

I 2017 utgjorde verdiskapinga i petroleumssektoren 16 prosent av Noregs BNP, og statens netto kontantstraum frå oljeverksemda var 168 milliardar kroner.

Ei langsiktig og god forvaltning av Statens pensjonsfond legg til rette for at inntektene frå petroleumsressursane kan kome både dagens og framtidige generasjonar til gode. I april la regjeringa fram den årlege meldinga om Statens pensjonsfond. Behandlinga av meldinga viser at det er brei politisk semje om forvaltninga av dei felles sparemidlane våre. Det legg til rette for å halde fast ved den valde strategien, også i periodar med uro i marknadene.

Gjennomsnittleg lønnsvekst frå 2016 til 2017 var på 2,3 prosent. Lønningane auka meir enn konsumprisane, og reallønnsveksten etter skatt var 0,9 prosent. Konsumprisane var 2,2 prosent høgare i perioden januar–juni i år enn på same tid i fjor.

Måla i skattereforma om breie skattegrunnlag og lågare skattesatsar er blitt følgde opp. Det er lagt ned eit stort arbeid i å følgje opp arbeidet i OECD og G20 for å hindre undergraving av skattegrunnlag og flytting av overskot.

Sjukefråværet har vore relativt stabilt sidan 2012. Eit av måla i IA-avtalen er å redusere sjukefråværet med 20 prosent frå 2001. Fråværet er no om lag 12 prosent lågare enn i 2. kvartal 2001. Det er store skilnader i utviklinga og nivået på sjukefråværet mellom kjønn, aldersgrupper, fylke og sektorar. Siste år i gjeldande IA-avtale er 2018. Regjeringa har saman med partane i arbeidslivet starta arbeidet med å vurdere innhald i og innretning av ein eventuell ny IA-avtale.

Befolkninga i Noreg heldt fram med å vekse i 2017, men i eit lågare tempo enn åra før. Nettoinnvandringa gjekk klart ned i fjor, men er framleis på eit høgt nivå. I 2017 auka befolkninga med om lag 37 000 personer.

Etter fleire år med høg vekst gjekk bustadprisane ned gjennom fjoråret. Sidan årsskiftet har prisane igjen auka, og no er dei omtrent tilbake på toppnivået frå tidleg i 2017. Oppgangen har vore sterkast i Oslo, mens utviklinga har vore meir moderat i andre byar.

Gjelda i hushalda har lenge auka raskare enn inntektene. Norske hushald har i gjennomsnitt ei gjeld som er meir enn to gonger den disponible inntekta deira. Vedvarande gjeldsvekst er eit teikn på at finansielle ubalansar har bygd seg opp. Regjeringa vedtok i juni å vidareføre bustadlånsforskrifta. Den skal gjelde fram til desember 2019. Hovudmålet med forskrifta er å bidra til ei meir berekraftig utvikling i marknaden for bustadlån.

Internasjonal orden slik han har blitt utvikla sidan 1945, har tent Noreg godt, men er under press. Samtidig er internasjonalt samarbeid viktigare enn nokon gong. Stadig fleire utfordringar er for komplekse til å løysast av eitt land åleine.

Eit godt forhold til USA er av langsiktig nasjonal interesse, og regjeringa har arbeidd for å styrkje det nære bilaterale samarbeidet. USA held fram med å være vår viktigaste allierte. I dialogen med USA har regjeringa gitt tydeleg uttrykk for norske posisjonar.

Regjeringa ønskjer eit godt naboforhold til Russland, og har vidareført eit breitt bilateralt samarbeid innanfor fiskeri, miljø og atomtryggleik. Dette samarbeidet fungerer godt, trass i det krevjande internasjonale samarbeidsklimaet mellom Russland og vestlege land.

Regjeringa har arbeidd for at Arktis framleis skal vere ein region prega av stabilitet og samarbeid der internasjonal rett blir etterlevd.

Regjeringa har arbeidd for å fremje internasjonalt samarbeid på globale arenaer som FN, og i kontaktane vi har hatt med land og organisasjonar i Afrika, Latin-Amerika og Asia.

Regjeringa har arbeidd for å halde i gang det regelbaserte multilaterale handelspolitiske samarbeidet i WTO.

EØS-avtalen er fundamentet i Noregs samarbeid med EU. Avtalen sikrar fri rørsle for personar, varer, tenester og kapital, og gir norske bedrifter tilgang til ein marknad på over 500 millionar menneske.

EØS-midlane er eit viktig europapolitisk verktøy, og gjennom desse bidreg Noreg til sosial og økonomisk utjamning i EU. Midlane er også viktige for rettsstatsprinsipp og sivilt samfunn i fleire europeiske land.

FN-forhandlingane om ei global plattform for migrasjon er sluttførte. Noreg deltok aktivt for å sikre betre handtering av dei globale migrasjonsutfordringane.

Noregs humanitære budsjett er auka med over 50 prosent sidan starten av førre stortingsperiode. Regjeringa har nyleg lansert ein ny strategi for Noregs humanitære politikk og innsats. Regjeringa har vore ein pådrivar for etterleving av humanitærretten.

Regjeringa har bidrege til å løyse internasjonale konfliktar gjennom aktivt fredsdiplomati. Vi har arbeidd for at kvinner deltek på lik linje med menn i all innsats for fred og tryggleik. Minoritetar, ikkje minst dei religiøse, er blant dei mest sårbare gruppene i krig og konflikt. Regjeringa har det siste året auka støtta til arbeidet med trus- og livssynsfridom og religiøse minoritetar.

I år fyller Verdserklæringa for menneskerettane 70 år. Noreg har arbeidd aktivt for menneskerettane, særleg på områda kvinners rettar, ytringsfridom, trus- og livssynsfridom og vern av sivilt samfunn. Under norsk leiing vedtok FNs generalforsamling i desember 2017 einstemmig ein resolusjon for vern av menneskerettsforsvararar.

Regjeringa har arbeidd vidare med å gjennomføre strategien for ytringsfridom og uavhengige medium i utanriks- og utviklingspolitikken.

Noreg er stadig aktivt engasjert i den globale kampen mot dødsstraff.

Regjeringa har auka støtta til seksuell og reproduktiv helse internasjonalt, og til arbeidet mot seksualisert vald i konflikt. Noreg har teke ei aktiv rolle i arbeidet med å hindre seksuell trakassering i bistands- og utviklingsorganisasjonane i lys av metoo-kampanjen.

Regjeringa vidarefører Noregs leiarrolle internasjonalt for global helse, og for utdanning i utviklingsland.

Noreg har støtta FNs generalsekretærs initiativ til reformer for å gjere organisasjonen meir effektiv og betre til å levere resultat på landnivå. Noreg jobbar også for å styrkje FNs rolle og organisasjonens evne til å førebyggje konfliktar.

Regjeringa har arbeidd vidare, nasjonalt og internasjonalt, med å betre evna til å handtere kriser.

Noreg har i stor grad fått gjennomslag for sine interesser i arbeidet med NATO sin tilpassa kommandostruktur, med ei sterkare vektlegging av alliansens maritime innretning.

Regjeringa har vidareført aktive militære bidrag internasjonalt. Bidraget til NATO sin operasjon i Afghanistan er styrkt, den norske innsatsen i koalisjonen mot ISIL er vidareført, og dessutan støtta til FNs fredsoperasjonar, NATOs forsterka nærvær i Aust-Europa og NATOs beredskapsstyrkar.

Regjeringa har vidareutvikla samarbeidet med nære allierte, mellom anna det bilaterale samarbeidet med USA om felles øvingar og trening i Noreg. Regjeringa har også bidrege til å vidareutvikle samarbeidet i Norden, mellom anna gjennom det norske formannskapet for NORDEFCO i 2018.

Regjeringa har inngått ein avtale om deltaking i den britiskleidde hurtigreaksjonsstyrken Joint Expeditionary Force (JEF), som ved behov kan bidra raskt til fleirnasjonal krisehandtering. Dette vil bidra til auka tryggleik i nærområda våre.

Regjeringa vedtok i april 2018 å overføre operativ utføring av nasjonal slepeberedskap til Kystvakta. Beredskapen blir halden ved like, samtidig som evna til å utøve myndigheit og ressurskontroll til havs blir styrkt.

I november 2017 landa dei tre første norske F-35-kampflya på norsk jord. Noreg har no teke imot til saman 16 av dei nye kampflya.

Det er vedteke at Noreg skal skaffe tre helikopterberande og isforsterka havgåande kystvaktfartøy. Fartøya skal byggjast ved eit norsk verft for å sikre nasjonal beredskap og sikker forsyning.

Det strategiske forsvarsmateriellsamarbeidet med Tyskland er ytterlegare styrkt gjennom ein samarbeidsavtale om vidareutvikling av det norske sjømålsmissilet NSM. Norsk forsvarsindustri har spela ei viktig rolle i dette samarbeidet, i tråd med regjeringa sin forsvarsindustristrategi.

Utdanningsreforma i Forsvaret blir gjennomført no. Reforma skal leggje grunnlag for eit tidsriktig, kvalitativt godt og kostnadseffektivt utdanningssystem.

Regjeringa har sett ned eit utval som skal greie ut tiltak for å auke sysselsetjinga i norsk økonomi. Utvalet skal mellom anna vurdere moglege tiltak for å auke yrkesdeltakinga i utsette grupper.

Regjeringa arbeider for ein heiltidskultur i arbeidslivet, og eit fleksibelt arbeidsliv med trygge rammer. Stortinget vedtok 4. juni endringar i arbeidsmiljølova om fast og mellombels tilsetjing og innleige frå bemanningsføretak, og dessutan om deltidstilsettes fortrinnsrett til ein del av ei stilling. Det regjeringsoppnemnde varslingsutvalet har avlevert sin rapport.

Etter forslag frå regjeringa har Stortinget også vedteke nødvendige tilpassingar av dagens offentlege tenestepensjonsordningar til ny alderspensjon frå folketrygda. I tråd med avtalen 3. mars har det blitt betre utteljing for å stå i jobb etter 67 år, og ein har sikra at alle med opptening får utbetaling av offentleg tenestepensjon.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om helse, miljø og tryggleik i petroleumsnæringa. Meldinga viser at HMS-regimet i all hovudsak fungerer godt, samtidig som eit framleis godt partssamarbeid, kunnskapsutvikling og eit sterkt og tydeleg tilsyn er ein føresetnad for ei god utvikling framover. Regjeringa sin ambisjon om at norsk petroleumsverksemd skal vere verdsleiande på helse, miljø og tryggleik, ligg fast.

EU sin årlege indeks over digitalisering (DESI-indeksen) viser at Noreg er nummer fem i Europa på digitalisering etter Danmark, Sverige, Finland og Nederland. Bruk av offentlege digitale tenester aukar kraftig.

Regjeringa har sett i gang arbeidet med ein digitaliseringsstrategi for offentleg sektor for å forsterke innsats, samarbeid og samordning. Arbeidet med å få tenestene i offentleg sektor til å henge betre saman er ei prioritert oppgåve for regjeringa. Regjeringa har saman med kommunesektoren gått i gang med eit lågterskeltilbod til innbyggjarar utan grunnleggjande digital kompetanse.

Statens innkjøpssenter har gjennomført dei første felles innkjøpsavtalane for staten. Dei fire fellesavtalane er berekna å gi staten ei årleg innsparing på om lag 200 millionar kroner.

I 2018 har Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) etablert Fellestenester BYGG, ei tenesteplattform som legg grunnlaget for ein fulldigital byggesaksprosess. Gode digitale løysingar for kommunane og byggenæringa bidreg til at søknadsprosessen blir enklare, raskare og meir føreseieleg for dei som skal bygge.

Husbanken held fram med å digitalisere systema for dei økonomiske ordningane sine. Dei som søkjer om bustøtte, tilskot og lån, får betre tenester. Samtidig brukar kommunane og Husbanken mindre tid på saksbehandling, og systema blir sikrare.

For å gjere samfunnet førebudd på komande klimaendringar har regjeringa vedteke statlege planretningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing.

Det nye jordobservatoriet i Ny-Ålesund opna 6. juni i år. Det skal gi avgjerande kunnskap om miljøutfordringane i verda og bidra til ny navigasjonsteknologi. Observatoriet inngår i eit verdsomspennande nettverk og er med på å stadfeste Noregs posisjon og nærvær i nordområda.

I regional- og distriktspolitikken legg regjeringa vekt på eit næringsliv som er i stand til å ta vare på og skape nye lønnsame arbeidsplassar. Dette vil bidra til vekstkraftige regionar i heile landet. Ein god distriktspolitikk handlar òg om å desentralisere makt og myndigheit og styrkje koplingane mellom bedrifter og offentlege institusjonar i byar og distrikt.

Verdien av statens direkte eigarskap på Oslo Børs var 716 milliardar kroner ved utgangen av 2017. Statens del av bokført verdi av unoterte selskap der staten har forretningsmessige mål med eigarskapet, var 128 milliardar kroner. For rekneskapsåret 2017 tek staten imot om lag 38 milliardar kroner i utbytte frå selskapa med direkte statleg eigardel.

Torskebestanden i Barentshavet er framleis på eit høgt nivå. Eit langvarig samarbeid mellom kyststatane Noreg og Russland og gode klimatiske forhold er bakgrunnen for at dette er den største torskebestanden i verda. Andre bestandar er òg godt forvalta, og fiskekvotane er stort sett høge. Kampen mot fiskerikriminalitet og ulovleg, urapportert og uregulert fiske er høgt prioritert av regjeringa, også i internasjonal samanheng.

Storbritannia er ein betydeleg fiskerinasjon i Nordaust-Atlanteren, og eit nytt samarbeid om fiskeriforvaltning blir heilt sentralt i vårt arbeid med Brexit. Noreg har etablert ein god dialog med både EU og Storbritannia om saka.

Regjeringa innførte i fjor haust eit nytt system for kapasitetsjustering i norsk lakse- og aureoppdrett. Systemet legg til rette for at oppdrettarane kan få tilbod om føreseieleg vekst som sikrar omsynet til miljøet. I løpet av 2018 har regjeringa tildelt vekst der det er miljømessig forsvarleg. Det er tildelt om lag tre prosent vekst i næringa, mot eit samla vederlag på 3 900 millionar kroner.

For å bidra til å løyse kommunikasjonsutfordringane i nordområda har regjeringa føreslått å gi ei tilsegn om eigenkapital til Space Norway AS på visse vilkår. Formålet er å realisere eit prosjekt med to satellittar som skal gi breibandskommunikasjon i heile Arktis, dersom det er forretningsmessig lønnsamt. Forslaget vart vedteke av Stortinget 4. juni 2018.

Regjeringa har oppretta Norsk nukleær dekommisjonering (NND). NND skal vere eit nasjonalt organ for opprydding etter Noregs nukleære verksemd, og for sikker handtering av nukleært avfall.

Regjeringa har etablert eit nytt investeringsselskap som skal utløyse lønnsame investeringar som bidreg til reduserte klimagassutslepp. Investeringane skal i hovudsak rettast mot bedrifter med ny teknologi i overgangen frå teknologiutvikling til kommersialisering. Det er varsla at selskapet vil endre namn frå Fornybar AS til Nysnø Klimainvesteringer AS.

I 2018 vart det oppretta ei ny mellombels skipsfinansieringsordning som blir forvalta av Eksportkreditt Norge og Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK). Målet med ordninga er å bidra til auka aktivitet for skipsverft i Noreg, ved at reiarar lettare oppnår finansiering på marknadsvilkår.

Bilaterale handelsavtalar gir norske varer og tenester tilgang til viktige marknader i resten av verda og bidreg dermed til verdiskapinga i Noreg. Regjeringa forhandlar no om nye avtalar med mellom andre Indonesia, Kina og land i Sør-Amerika (Mercosur).

Eit ekspertutval skal gjennomgå korleis det offentlege brukar marknaden for velferdstenester, og mellom anna kartleggje om enkelte private leverandørar av velferdstenester har forteneste som kan karakteriserast som urimeleg høg.

Noreg har takka ja til å delta som hovudsponsor for eit initiativ frå FNs næringslivssamanslutning (UN Global Compact) om berekraftig næringsutvikling i havet, Business Action Platform for the Oceans.

I februar 2018 la regjeringa fram ein ny datasenterstrategi. Strategien presenterer regjeringa sin politikk og tiltak på sentrale område som skal bidra til å gjere Noreg til ein meir attraktiv datasenternasjon.

Våren 2017 sette regjeringa ned eit offentleg utval som skulle vurdere kva tilgang næringslivet hadde til kapital. Kapitaltilgangsutvalet leverte si utgreiing i mars i år.

Regjeringa har etablert Prosess21, eit strategiforum for prosessindustrien som skal gi råd og anbefalingar om reduserte utslepp og berekraftig vekst i norsk prosessindustri. Regjeringa har også etablert Digital21 for å sjå på korleis ein kan styrkje næringslivet si evne og moglegheit til både å utvikle og ta i bruk ny teknologi og kunnskap, i takt med den aukande digitaliseringa.

Samla produksjon frå norsk sokkel i 2017 var om lag 4 millionar fat oljeekvivalentar per dag. For fjerde året på rad auka totalproduksjonen. Produksjonen kjem truleg til å auke vidare fram mot 2023. Noreg dekkjer om lag 25 prosent av EUs gassforbruk og bidreg i overgangen til eit fornybart lågutsleppssamfunn i Europa. Per 1. september er det 83 felt i produksjon, og ytterlegare 18 felt er under utbygging.

Omstillingsevna i næringa har sikra lønnsemda og bidreg til at aktiviteten på norsk sokkel no tek seg opp. Investeringane ser ut til å ha nådd ein botn i 2017 med eit nivå på 151 milliardar kroner og er venta å auke i 2018. For å halde investeringsnivået oppe etter 2020 er det nødvendig å gjere nye funn.

Olje- og gassnæringa har vore ein berebjelke i norsk økonomi i mange tiår. Ho kjem framleis til å spele ei viktig rolle i norsk økonomi i mange år framover og gi eit betydeleg bidrag til den framtidige finansieringa av det norske velferdssamfunnet. Statens samla petroleumsinntekter var 168 milliardar kroner i 2017 og vart i Revidert nasjonalbudsjett  anslått til 224 milliardar kroner i år, tilsvarande om lag 17 prosent av statens samla inntekter.

Målt etter omsetning er leverandørindustrien Noregs største næring etter produksjon av olje og gass. Næringa skaper arbeidsplassar og lokal næringsutvikling i alle fylke i landet. Med basis i ein solid heimemarknad kjem om lag 35 prosent av omsetninga til leverandørindustrien frå internasjonale marknader. Oppsvinget vi ser no, bidreg til auka sysselsetjing og levedyktige lokalsamfunn langs heile kysten.

Kunnskapen og kompetansen i denne kapitalintensive næringa blir overført til andre næringar gjennom læringsprosessar, kompetanseoverføring og innovasjon. Dette samspelet bidreg til inntektsgenerering og ein breiare, meir robust og kunnskapsrik næringsstruktur i heile landet.

Noregs forskingsråd har på oppdrag frå Olje- og energidepartementet utlyst eit forskingssenter for lågutsleppsteknologi for petroleumsverksemda. Målet er å bidra til å utvikle lågutslepps- eller nullutsleppsteknologi som gjer det mogleg med ei framtidig utbygging og drift med lågast mogleg utslepp av klimagassar.

2017 vart året med det høgaste kraftforbruket som har vore målt i Noreg, med 132,9 TWh. Samla kraftproduksjon vart 148,2 TWh, som er på nivå med den høgast målte kraftproduksjonen frå 2016. 98 prosent av produksjonen kom frå vass- og vindkraft. Nettoeksporten av kraft til utlandet var på 15,3 TWh. Norsk kraftforsyning har, saman med kraftforsyninga på Island, den høgaste fornybarandelen og dei lågaste utsleppa i Europa.

Ein varm og tørr vår og sommar har gitt lågare fyllingsgrad enn normalt i norske vasskraftmagasin. Tilgangen på utvekslingskapasitet med andre lands kraftsystem vil bidra til å dempe konsekvensane av ein langvarig tørkeperiode.

I løpet av 2017 vart 1,6 TWh ny kraftproduksjon sett i drift. Per 1. juni 2018 var 9,2 TWh ny fornybar kraftproduksjon under utbygging, i all hovudsak vindkraft.

Regjeringa tek sikte på å opne eitt til to område for fornybar energiproduksjon til havs. Demonstrasjonsprosjekt for flytande vindkraft kan søkje støtte frå Enova. Strategien for flytande vindkraft som vart lagd fram hausten 2017, er retta mot at norsk industri og norske kompetansemiljø skal gripe dei industrielle moglegheitene knytte til utvikling av vindkraft til havs.

For 2018 er det løyvd 354 millionar kroner til flaum- og skredførebygging over budsjettet til Noregs vassdrags- og energidirektorat. Løyvingane til dette arbeidet har auka dei siste åra.

I mars 2018 vart det vedteke at tredje energimarknadspakke skulle innlemmast i EØS-avtalen, med bakgrunn i tidlegare vedtak i EØS-komiteen.

Regjeringa har vidareført arbeidet med fullskala CO2-handtering. Stortinget har slutta seg til regjeringa sitt forslag om å setje i gang forprosjektering av CO2-fangst og -lagring. Olje- og energidepartementet har lyst ut areal som er tilgjengelege for søknad om utnyttingsløyve for lagring av CO2 på norsk kontinentalsokkel.

Tidleg innsats er avgjerande for å gi alle barn og unge ei opplæring som rustar dei for framtida. For å styrkje den tidlege innsatsen har regjeringa både innført tydelegare språkkrav for styrarar og pedagogiske leiarar i barnehagen, og ei samarbeidsplikt i overgangen mellom barnehage, skule og SFO. Stortinget har slutta seg til at det skal innførast ei plikt for skulen til å samarbeide med relevante kommunale tenester om vurdering og oppfølging av barn og unge med helsemessige, personlege, sosiale eller emosjonelle vanskar. Vidare har Stortinget slutta seg til regjeringa sitt forslag om å innføre ei plikt for skulen til å gi tilbod om intensiv opplæring til elevar på 1.–4. trinn som strevar med lesing, skriving eller rekning.

Alle faga i grunnskulen og dei gjennomgåande faga i vidaregåande opplæring skal fornyast. Læreplanane skal etter planen vere klare til bruk frå 2020. Regjeringa har fastsett kjerneelementa i faga – det viktigaste elevane skal lære i kvart fag. Dei andre faga skal etter planen også fornyast før 2021.

Regjeringa har vedteke at det skal utformast yrkesfagspesifikke delar av læreplanane i norsk og engelsk i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Dette kjem i tillegg til yrkesfagspesifikke delar i læreplanane i matematikk og naturfag.

Regjeringa har fastsett endringar i tilbodsstrukturen for dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Dei skal sikre at dei ulike faga er meir i tråd med behova i næringslivet. Ein ny struktur for yrkesfag i vidaregåande opplæring blir innført hausten 2020.

Regjeringa har føreslått og fått tilslutning til forbod mot bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, i barnehage og i undervisningssituasjonar i grunnopplæringa, folkehøgskular, fagskular, introduksjonsordninga og høgare utdanning.

Regjeringa har styrkt Kompetanseplussordninga med nær 70 millionar kroner frå 2014 til 2018. Gjennom ordninga får arbeidstakarar opplæring i grunnleggjande ferdigheiter på arbeidsplassen. Arbeidslivet blir ein stadig viktigare læringsarena, og i 2017 var det rekordhøg søking om tilskotsmidlane. Det vart delt ut 170 millionar kroner gjennom ordninga.

I oppfølging av den nasjonale strategien for lærarutdanning, Lærarutdanning 2025, er samarbeid mellom alle aktørane i skule- og lærarutdanningssektoren høgt prioritert. Representantar for alle aktørane som er delaktige i lærarutdanningane, har blitt samla for å etablere eit nytt, nasjonalt forum for lærarutdanning og profesjonsutvikling.

Regjeringa har fremja og Stortinget vedteke ei ny lov om fagskular. Ei rekkje endringar i lova skal klargjere at fagskuleutdanning er høgare yrkesfagleg utdanning. Frå og med 2018 er det innført ei ny tilskotsordning for driftstilskot til fagskuleutdanning.

Regjeringa fastsette med verknad frå 1. januar 2018 nye reglar for private høgskular og fagskular. Dei nye reglane skal leggje til rette for ein effektiv kontroll med offentlege tilskot og at studentane sine eigenbetalingar blir brukte i tråd med regelverket.

Dei siste åra har det vore mange samanslåingar i den statlege delen av universitets- og høgskulesektoren, og det er no 21 statlege institusjonar. Det er også starta opp ei konsolidering blant dei private høgskulane.

Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) fekk i januar 2018 universitetsstatus med namnet OsloMet – storbyuniversitetet. I mai fekk Høgskolen i Søraust-Noreg tilsvarande status og vart samtidig til Universitetet i Søraust-Noreg. Noreg har med dette ti universitet.

Regjeringa har sett ned eit lovutval som skal gå gjennom og vurdere endringar i regelverket for universitet, høgskular og studentsamskipnader.

Regjeringa har trappa opp kapasiteten i høgare utdanning innanfor IKT og lagt til rette for at opptaket til IKT-utdanningane kan auke med 1 500 studentar som ei varig ordning.

I 2018 har regjeringa satsa vidare på studentbustader med tilsegn om tilskot til 2 200 nye studenthyblar.

Det er forventa at nytt bygg for medisin og helsefag ved Universitetet i Tromsø blir ferdig i 2018 og likeins rehabiliteringa av Universitetsmuseet i Bergen. Det er gitt startløyving til nytt bygg for livsvitskap ved Universitetet i Oslo. Samtidig blir det arbeidd vidare med å ferdigstille fleire nybygg i universitets- og høgskulesektoren, mellom anna for veterinærmiljøa på Ås. I 2018 er det gitt ei samla løyving på 50 millionar kroner til planlegging av Campus NTNU.

På bakgrunn av den overordna digitaliseringsstrategien for universitets- og høgskulesektoren for perioden 2017–2021 er lærestadene bedde om å utarbeide eigne forpliktande mål og tiltak for digitalisering av utdanning og forsking.

Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking (Unit) vart oppretta 1. januar 2018 og har det nasjonale ansvaret for å implementere og vidareutvikle digitaliseringsstrategien.

Tala frå mars 2018 viser at Noreg for første gong har motteke over to prosent av dei utlyste midlane i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020.

Regjeringa vedtok i desember 2017 ein nasjonal strategi for tilgjengeleggjering og deling av forskingsdata. Strategien slår fast at forskingsdata skal vere så opne som mogleg, og så lukka som nødvendig.

Hausten 2017 fastsette regjeringa retningslinjer og tiltak for open tilgang til vitskaplege artiklar. Regjeringa sitt mål er at alle norske vitskaplege artiklar som er finansierte av offentlege midlar, skal vere ope tilgjengelege innan 2024.

Regjeringa la i mai 2018 fram ein ny strategi for forsking og høgare utdanning på Svalbard. Regjeringa har store forventningar til denne strategien, og vil at forskinga skal levere viktige bidrag til internasjonal kunnskapsutvikling og til å løyse sentrale samfunnsoppgåver og globale utfordringar.

I 2017 busette 282 kommunar nærmare 11 100 flyktningar. Av desse var om lag 760 einslege mindreårige. For 2018 har Nasjonalt utval for busetjing av flyktningar lagt vekt på sysselsetjingsgrad, resultat frå introduksjonsprogrammet og kommunestorleik i oppmodingskriteria til kommunane. Det skal også takast omsyn til lokale forhold, som behov for arbeidskraft i regionen og busetjingshistorikk. Kvar enkelt kommune skal i tillegg oppmodast om å busetje minimum ti personar.

I 2017 deltok over 44 000 personar i opplæring i norsk og samfunnskunnskap, og om lag 29 000 personar deltok i introduksjonsprogram. Deltakartalet er framleis høgt i 2018. Det er gjennomført evalueringar av introduksjonsordninga, og dei skal danne grunnlag for regjeringa sitt arbeid med eit integreringsløft.

Regjeringa har sørgt for at medlemmer av barnefamiliar og einslege mindreårige med avgrensa opphaldsløyve i påvente av dokumentert identitet blir busette og får rett til introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

Regjeringa har sett i gang forprosjekt for ei omfattande rehabilitering av Nationaltheatret i Oslo.

Nasjonalbiblioteket har digitalisert den norske litteraturarven og fullført nettenesta bokhylla.no. Det betyr at 270 000 norske bøker som er skrivne før år 2000 no kan lesast gratis, og at rundt 20 000 bøker som ikkje lenger er opphavsrettsleg beskytta, er gjorde tilgjengelege.

Regjeringa greier ut ei samla bygningsmessig løysing for Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš og den samiske vidaregåande skulen i Kautokeino.

Ny forskrift om avlevering av allment tilgjengelege dokument tredde i kraft 1. juli.

Regjeringa har sett ned eit offentleg utval med oppgåve å gå gjennom arkivlova. Utgreiinga skal liggje føre i mars 2019.

Avviklinga av dei riksdekkjande FM-signala vart fullført i desember 2017, og riksdekkjande kringkastarar sender no på DAB.

Regjeringa legg stor vekt på å styrkje norsk kulturlivs internasjonale moglegheiter, noko som har bidrege til at spesielt norske forfattarar og artistar har lykkast i utlandet.

Mellombels indre grensekontroll på ferjehamner med trafikk mot Sverige, Danmark og Tyskland er vidareført fram til 11. november 2018. Behovet for ytterlegare vidareføring av indre grensekontroll blir vurdert i lys av tryggingssituasjonen.

Regjeringa sine forslag til ny våpenlov og ny grenselov er vedtekne av Stortinget. I ny våpenlov er det lagt inn nye tryggingstiltak, samtidig som den gode jakt- og skyttarkulturen i Noreg blir sikra. Stortinget har også vedteke regjeringa sitt forslag til endringar i politilova, slik at det no kan vere tidsuavgrensa væpning ved sårbare objekt.

Noreg tek aktivt del i arbeidet med å finne felleseuropeiske løysingar for handteringa av menneske på flukt og migrasjon.

Dei første av dei 16 nye redningshelikoptera blir leverte i perioden 2017–2018. Helikoptera skal gjennom eit innfasingsprogram i Forsvaret før første helikopter blir sett i drift i første halvår 2019. Planen er at alle dei nye redningshelikoptera skal vere i drift i løpet av første halvår 2021.

Statens barnehus er styrkt, og den totale løyvinga til barnehusa er på 240 millionar kroner i 2018. Ei underavdeling av Statens barnehus Tromsø vart opna i Kirkenes i mars 2018. Ei tilsvarande underavdeling av Statens barnehus Bergen blir etablert i Førde i løpet av hausten 2018.

Regjeringa har etablert støttesenter for kriminalitetsutsette i alle dei tolv politidistrikta i landet. Kontora er lokaliserte hos politiet, etter modell frå Støttesenteret for fornærma i straffesaker i Trondheim. Sentera er etablerte i nært samarbeid med kommunane for å få ei tett kopling til kommunale tenester.

Drap som er utført av noverande eller tidlegare partnar, utgjer mellom 20 og 30 prosent av drapa i Noreg. Eit utval som skal gå gjennom partnardrapssaker, vart sett ned hausten 2018.

Etter forslag frå regjeringa er det i statsbudsjettet for 2018 løyvd 30 millionar kroner til ein auka politiinnsats i Oslo sør. Innsatsen skal bidra til å førebyggje kriminalitet, med særleg vekt på unge i risikosona og å hindre rekruttering til kriminelle miljø.

Regjeringa har auka kapasiteten i kriminalomsorga. I 2017 og 2018 er kapasiteten for gjennomføring av straff med elektronisk kontroll utvida med om lag 150 plassar. 310 nye fengselsplassar i Agder er under bygging. Soningskøen er så godt som avvikla. Regjeringa følgjer opp behov for omstruktureringar i kriminalomsorga. Ressursane i kriminalomsorga må brukast mest mogleg effektivt, og det blir planlagt for nedlegging av plassar det ikkje lenger er behov for.

Regjeringa har satsa på å digitalisere og modernisere domstolane. Til saman er det løyvd om lag 235 millionar kroner til IKT i domstolane sidan 2014. Regjeringa har òg sett ned eit utval som skal sjå på korleis domstolane bør organiserast for å vere best mogleg rusta til å møte forventningar om effektivitet, kvalitet og uavhengigheit.

Etter forslag frå regjeringa har Stortinget vedteke ny personopplysningslov, som gjennomfører EUs nye regelverk på området. Lova gir blant anna auka rettar og krev at verksemdene må jobbe systematisk for å sikre personvernet.

Regjeringa har lagt fram forslag til ei ny arvelov som er tilpassa dagens familiemønster og samfunnsutviklinga elles.

I tråd med forslag frå regjeringa har Stortinget vedteke at alle kommunar frå 2018 skal ha knytt til seg lege, sjukepleiar, jordmor, helsesøster og fysioterapeut. Frå 2020 blir dette utvida til også å gjelde psykolog og ergoterapeut.

Frå 1. januar i år vart det tydeleggjort i helse- og omsorgstenestelova, spesialisthelsetenestelova og tannhelsetenestelova kva ansvar helse- og omsorgstenestene på systemnivå har når det gjeld å førebyggje, avdekkje og avverje vald og seksuelle overgrep.

Innbyggjarar kan no logge seg inn på den nasjonale helseportalen helsenorge.no og registrere seg som organdonor i kjernejournal.

Det er utvikla løysingar for innsyn i nasjonale helseregister, som del av arbeidet med å sikre rettane og personvernet til dei registrerte. Innbyggjarane har mellom anna fått innsyn i opplysningar om eigen fødsel i Medisinsk fødselsregister og eigne opplysningar i Kommunalt pasient- og brukarregister.

Regjeringa vil gjennomføre ei rusreform der samfunnsreaksjonar for bruk og innehaving av illegale rusmiddel til eige forbruk blir flytte frå justissektoren til helsesektoren. Det er sett ned eit offentleg utval som skal greie ut ein modell for gjennomføring av reforma.

Frå 1. juli i år fekk helse- og omsorgstenesta ei plikt til å tilby pasientar, brukarar og pårørande eit møte etter svært alvorlege hendingar. Slike møte bidreg til større openheit og gir pasientar, brukarar og pårørande moglegheit til å få svar på spørsmål.

Arbeidet med å etablere Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta er godt i gang.

Regjeringa vil leggje fram ein eigen opptrappingsplan for barn og unges psykiske helse. Opptrappingsplanen skal innehalde både helsefremmande, sjukdomsførebyggjande og kurative initiativ. Barn og unge sjølv er dei viktigaste premissleverandørane for arbeidet. Regjeringa har gjennom fleire år satsa på helsestasjons- og skulehelsetenesta, inkludert jordmortenesta. Tenesta er betydeleg styrkt frå 2014 til 2018, og i 2018 er det til saman løyvd 1,16 milliardar kroner gjennom kommuneramma og i øyremerkt tilskot. I perioden frå 2013 til 2017 auka talet på årsverk i tenesta med 975 årsverk.

Regjeringa sin historiske satsing på familieverntenesta har gitt resultat. Fleire personar får hjelp i familievernet. Ventetida er redusert, og kapasiteten i arbeidet mot vald og høg konflikt er auka. Det er likevel viktig å sikre ei vidareutvikling av tenesta slik at fleire familiar kan få den hjelpa dei treng. Regjeringa har derfor sett ned eit offentleg utval som skal gå gjennom organisering, oppgåveløysing, ressursbruk og kvalitet i familieverntenesta.

Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom er styrkt frå om lag 100 millionar kroner i 2014 til om lag 270 millionar kroner i 2018. Ordninga bidreg til at barn frå sosialt og økonomisk vanskelegstilte familiar kan delta på ferie- og fritidsaktivitetar.

Regjeringa sitt forslag om å innføre ei absolutt 18-årsgrense for å inngå ekteskap i Noreg er vedteke av Stortinget og tok til å gjelde 1. juli 2018.

Regjeringa sitt forslag om å innføre heimel til å be om DNA-test før farskap blir erklært for barn fødd i utlandet, der det er tvil om identitet, er vedteke av Stortinget.

Med grunnlag i den nye gjeldsinformasjonslova gav regjeringa i juni 2018 to selskap løyve til å formidle gjeldsopplysningar til utlånarar. Dette er med på å motverke at det blir gitt lån til personar som ikkje har økonomi til det.

Ny pakkereiselov tredde i kraft 1. juli 2018. Med ny pakkereiselov vil krava til arrangøren auke, og fleire reisearrangement blir omfatta av regelverket. Dette sikrar fleire forbrukarar mot arrangørens konkurs.

Jordbruket er viktig for matproduksjon, busetjing, kulturlandskap og verdiskaping. Jordbruksavtalen styrkjer norsk matproduksjon og vil bidra til eit aktivt landbruk over heile landet. Avtalepartane har prioritert produksjon med marknadsmoglegheiter, kornproduksjon i gode kornområde, beiting og grasproduksjon i distrikta. I tillegg er det ei satsing på klima- og miljøtiltak, og velferdsordningar for jordbruket.

Noreg og EU kom i 2017 til semje om ein avtale om auka handel med landbruksvarer. Avtalen er no godkjend både i Noreg og EU, og blir sett i verk med verknad frå 1. oktober 2018. Avtalen inneber at det blir etablert både nye og utvida tollkvotar for varer frå EU.

Regjeringa har inngått ein reindriftsavtale med Norske Reindriftssamers Landsforbund. Avtalen legg grunnlag for ei positiv utvikling i reindrifta, både økonomisk og økologisk.

Regjeringa har også gitt reindriftsnæringa fritak for eingongsavgift og frådragsrett for meirverdiavgift for snøscooterar og ATV-ar til bruk i drifta.

I juni 2018 tok regjeringa imot utgreiinga frå statsallmenningsutvalet med forslag til ny fjellov. Utgreiinga er send på høyring.

Tal frå kommunane viser at omdisponeringa av dyrka mark til andre formål vart redusert med 36 prosent frå 2016 til 2017. Særleg har omdisponeringa til samferdselsformål gått ned.

Regjeringa vil vidareutvikle infrastruktur og transportløysingar baserte på ny og moderne teknologi. I juli sette regjeringa ned eit ekspertutval for å kartleggje og analysere implikasjonane av ny teknologi for framtidig transportinfrastruktur.

Fleire veganlegg er opna for trafikk. Opninga av E18 Bommestad–Sky markerer at det no er firefelts motorveg gjennom Vestfold.

Regjeringa vil halde fram arbeidet med betre kostnadsstyring av store samferdselsprosjekt. Dei fleste prosjekta treffer no relativt godt i gjennomføringsfasen, men mange prosjekt har betydeleg kostnadsauke i tidlege planfasar. Det er mellom anna oppretta endringsloggar og styringsmål i store veg- og jernbaneprosjekt, og dette vil bli følgt opp i den vidare planlegginga av prosjekta.

Arbeidet med trafikktryggleik er prioritert. I 2017 omkom 106 personar i vegtrafikken i Noreg. Dette er 29 færre enn i 2016. Målt etter folketal var talet på omkomne det lågaste i Europa. Dei førebels ulykkestala for dei fem første månadene i år er på same nivå som i 2017. Talet på skadde har sidan 2011 lege på omtrent same nivå. For å nå målet i Nasjonal transportplan 2018–2029 om maksimalt 350 drepne og hardt skadde i 2030 må talet på hardt skadde gå ned.

Ny Nasjonal tiltaksplan for trafikktryggleik på veg 2018–2021 vart lansert i mars 2018. Dette er trafikktryggleiksaktørane sitt forslag til konkretisering og oppfølging av måla i Nasjonal transportplan 2018–2029 om drepne og hardt skadde. Planen involverer ei rekkje aktørar og omfattar 136 tiltak innanfor hovudinnsatsområda.

Elektroniske kommunikasjonsnett og -tenester ber kritiske samfunnsfunksjonar og stadig større verdiar. Samtidig endrar trusselbildet seg, mellom anna som følgje av auka cybertruslar. For å bøte på identifiserte sårbarheiter og gi auka tryggleik og meir robuste tenester har regjeringa i 2018 sett i gang eit pilotprosjekt for alternativt kjernenett og tilskot til fiberkablar til utlandet.

Private aktørar investerer om lag 10 milliardar kroner årleg i ekomnett og -tenester. Regjeringa legg til rette ved å forenkle regelverk. Endringar i leidningsforskrifta gjer det billigare å byggje nett som kan levere raske, gode tenester i heile landet. Det er inngått avtale om frigjering av frekvensar i 700 MHz-bandet hausten 2019. Dette legg til rette for tidleg lansering av 5G mobilt breiband.

Regjeringa la i april 2018 fram ein strategi for bruk av dronar i Noreg.

Ny anbodskontrakt om drift av regionale ruteflygingar på Værøy er inngått i 2018 med verknad frå 1. august 2019.

Regjeringa vil leggje til rette for større grad av konkurranse mellom anna innanfor drift av flyplassar. Avinor AS har i 2018 tildelt kontrakt for tenestekonsesjon for drift av Haugesund lufthavn til eit lokalt selskap som overtek drifta frå 2019.

Etter konkurranseutsetjing er det inngått kontrakt om levering av tenester på kystruta Bergen–Kirkenes for ti år. Det betyr at dagens tilbod på strekninga blir vidareført når gjeldande avtale går ut ved utgangen av 2020.

Dei gjennomførte reformene på veg og jernbane blir følgde opp, mellom anna bompengereforma. Viktige grep i jernbanereforma er meir effektiv utbygging av infrastruktur, betre organisering av sektoren og konkurranseutsetjing av persontogtrafikken. Konkurransen om Trafikkpakke 1 Sør vart lyst ut hausten 2017, mens den for Trafikkpakke 2 Nord vart lyst ut våren 2018.

Senter for oljevern og marint miljø skal bidra til å realisere regjeringa si satsing på eit reint havmiljø. 

Våren 2018 forlengde Noreg skogpartnarskapet med Colombia, og inngjekk saman med Tyskland avtale med Ecuador med løfte om betaling dersom landet oppnår verifiserte utsleppsreduksjonar frå regnskogen. Dei nye avtalane skal bidra til ein langsiktig og heilskapleg innsats for bevaring av Amazonas.

I 2018 vart det nye, isgåande forskingsfartøyet Kronprins Haakon overlevert frå verftet og sett i drift. Fartøyet har isbrytarklasse og blir eit av dei mest avanserte forskingsfartøya i verda for operasjonar i havområda i Arktis og Antarktis.

Regjeringa trappar opp kampen mot miljøkriminalitet og vedtok i juni 2018 ei ny forskrift om handel med trua artar (CITES-forskrifta).

Regjeringa styrkjer arbeidet med å ta vare på naturen. I april 2018 utvida regjeringa Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark ved å verne det tidlegare skytefeltet på Hjerkinn. I tillegg oppretta regjeringa eit nytt Hjerkinn landskapsvernområde.

Regjeringa oppretta Lofotodden nasjonalpark i Nordland fylke i juni 2018.

På fem år har regjeringa løyvd 1 961 millionar kroner til skogvern. Sidan 2017 har løyvingane til skogvern lege på godt over 400 millionar kroner årleg.

Regjeringa legg vekt på å ta vare på den gode dyrehelsa i Noreg. Det er derfor gjort omfattande arbeid for å kartleggje førekomsten av skrantesjuke (CWD). Heile den smitta villreinstammen i Nordfjella er teken ut.

I juli i år la regjeringa fram ein handlingsplan for friluftsliv. Handlingsplanen tek sikte på å styrkje det samla friluftsarbeidet og friluftslivet si rolle i folkehelsearbeidet, og inneheld ei rekkje tiltak og føringar som støttar opp om dette.

 

Gitt på Oslo Slott 21. september 2018

Under Vår hånd og riksseglet