Grøne strategiar etter 2012

Kommisjonen har evaluert EUs sjette miljøhandlingsprogram som gjeld for perioden 2002 til 2012, og som er innlemma i EØS-avtalen. Evalueringa viser verdien av eit felles handlingsprogram, men peiker også på utfordringar for miljøpolitikken framover. Miljøråd Marie Helene Korsvoll rapporterer.

31. august la Kommisjonen fram si melding om evalueringa av det sjette miljøhandlingsprogrammet, Environmental Action Programme (EAP). Miljøhandlingsprogramma EU vedtek inneheld retningsliner og prioriteringar for EU sitt miljøarbeid. Det sjette miljøhandlingsprogrammet som gjeld for perioden 2002 til 2012 har mål og strategiar for arbeidet på fire hovudområde: Klimaendringar; natur og biologisk mangfald; miljø, helse og livskvalitet; og naturressursar og avfall.

 

Spørsmål om framtidig dagsorden

Miljøhandlingsprogrammet er innlemma i  EØS-avtalen og det er viktig for Noreg å følgje utviklinga av konkrete tiltak som blir gjennomført og konkretisert av handlingsprogramma. Diskusjonen om kva som skal etterfølgje det sjette miljøhandlingsprogrammet har vore høgt på dagsorden den siste tida, mellom anna var dette eit tema på det uformelle miljøvernministermøtet i Polen i juli der også miljø – og utviklingsminister Erik Solheim deltok. Diskusjonen gjekk i vante spor der medlemslanda var klare i sine ønske om eit nytt miljøhandlingsprogram, medan miljøkommisær Janez Potocnik var meir avventande. Årsaka er at Kommisjonen ikkje ser noko rom for eit omfattande lovgjevingssprogram på miljøområdet. Det vil ta lang tid å få vedteke eit slikt omfattande lovgjevingssprogram, medan reformarbeid på sektorar som landbruk og fiske pågår no. Forslag til nytt langtidsbudsjett er også lagt fram no og vil vere viktig for miljøpolitikken. I tillegg er det meste av miljølovgjevinga no på plass, og Kommisjonen ser meir eit behov for andre styringsgrep.

 

Om vidare styring

Fleirtalet av medlemslanda ønskar eit sjuande miljøhandlingsprogram i form av eit rettsleg dokument mellom anna fordi ein då har eit dokument som vil gje tyngde til miljøargumenta og stabile rammevilkår for nasjonale miljøstyresmakter. Europaparlamentet ønsker også eit nytt miljøhandlingsprogram. Miljøkommisær Potocnik har vore klar på at han vil avvente evalueringa av det sjette miljøhandlingsprogrammet før ein tek endeleg standpunkt til vegen vidare. Denne evalueringa er no lagt fram.

 

På god veg

Evalueringa viser at miljøhandlingsprogrammet alt i alt har vore nyttig som ei overordna ramme for miljøpolitikken, og at fleirtalet av dei tiltaka som programmet omhandlar har eller er i ferd med å bli fullførte. Miljøhandlingsprogrammet har i nokre medlemstatar også blitt bruka som eit referansepunkt og til å forsvare miljøpolitikken mot konkurrerande politiske behov i tillegg til å sikre finansiering. I denne tiårs perioden har ein gjort fleire framskritt. Døme på denne utviklinga er utviding av nettverket av verneområde (Natura 2000), vedtakinga av ein omfattande kjemikaliepolitikk (REACH), og arbeidet mot klimaendringar. Område der ein derimot ikkje har oppnådd alle sine målsetjingar er mellom anna naturmangfald, jord, og vatnkvalitet.

 

Utfordringar framover

Evalueringa viser også manglar knytt til gjennomføring av regelverk, og implementering av det regelverket som alt er på plass vil bli ei hovudutfordring framover. Å gå frå oppretting av miljøskader til førebyggjing, og å bidra til ein ytterlegare integrering av miljø i alle relevante politikkområde er ei viktig utfordring i tida som kjem ifølgje Kommisjonen. I denne samanhengen vil ein langsiktig visjon vere nyttig. Kommisjonen viser til at miljøpolitikken inngår i Europa 2020- strategien for ein smart og berekraftig vekst, og at ein allereie har vedteke politiske retninglinjer for klima, transport og naturmangfald. Det vil også kome initiativ knytt til ressurseffektivitet, og på andre nøkkelområde som vatn, luft og avfall. På denne bakgrunnen vil Kommisjonen vurdere korleis eit mogleg nytt miljøhandlingsprogram vil kunne bidra til å styrke miljøpolitikken.

 

Fleire partar følgjer saka i haust

Meldinga som no er lagt fram vil vere grunnlaget for ein diskusjon mellom EU-institusjonane, det sivile samfunnet og næringslivet om dei strategiske retningslinjene for miljøpolitikken framover. Miljørådet skal vedta rådskonklusjonar om saka på sitt møte i oktober.