Historisk arkiv

Møte med russiske veterinærstyresmakter om eksport av norsk fisk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Den norske ambassadøren i Moskva hadde torsdag møte med russiske veterinærstyresmakter for å drøfte eksportsituasjonen.

Den norske ambassadøren i Moskva hadde torsdag møte med russiske veterinærstyresmakter for å drøfte eksportsituasjonen.

Russiske styresmakter har informert om at frå 1. januar 2014 kan berre norske verksemder som er godkjende av den russiske veterinærtenesta eksportere sjømat til den russiske marknaden. Det russiske systemet for import av laks og aure er dermed utvida til kvitfisk og pelagisk sektor. Verksemder som allereie har godkjenning kan eksportere på vanleg måte.
 
På møtet med ambassadøren kom det fram at russiske veterinærstyresmakter i utgangspunktet ikkje har planar om å gjennomføre inspeksjonar av nye verksemder i Noreg i 2014.

- Eg ser alvorleg på situasjonen. Dette rammar enkeltbedrifter hardt. Departementet har allereie vore i kontakt med Mattilsynet, og vi vil sette oss ned for å sjå på korleis vi så snart som mogleg kan få på plass eit godt grunnlag for vidare dialog med russiske styresmakter. I denne prosessen vil også næringa bli konsultert, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.