Historisk arkiv

Statsrådsgjesting frå New Zealand

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Jobbstrategien og avtalen om eit inkluderande arbeidsliv var tema då arbeids- og sosialminister Robert Eriksson fekk statsrådsgjesting frå New Zealand.

Sosialminister i New Zealand Anne Tolley saman med arbeids- og sosialminister Robert Eriksson. Foto: ASD

Sosialminister i New Zealand, Anne Tolley, var denne veka i Noreg for å lære om det norske arbeidet med å få fleire unge og unge med funksjonsnedsetjingar i jobb. Dei to landa har mange av dei same utfordringane, og Tolley meinte derfor det var interessant å lytte til Noreg sine erfaringar.

Arbeids- og sosialminister Robert Eriksson fortalde at regjeringa framleis har ein veg å gå med å inkludere fleire unge i arbeidslivet. Han viste til at regjeringas forslag til endringar i arbeidsmiljølova har som mål å lette dette arbeidet.

- Regjeringa ønskjer å mjuke opp dagens arbeidsmiljølov og blant anna gjere det noko lettare å tilsetje mellombels. Samtidig vil vi forebetre verkemidla, og gjere meir av det som verkar. På den måten vil fleire som i dag står utanfor arbeidslivet få høve til å vise seg fram. Arbeidsmarknaden må bli meir fleksibel både for arbeidstakarar og verksemdene, sa Robert Eriksson.