Tilleggsnummer til Statsbudsjettet 2022:

Nær 100 millionar ekstra til utdanningar i distrikta

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

For å leggje til rette for gode utdanningstilbod over heile landet, legg regjeringa 98,8 millionar ekstra i potten. Det gir 250 millionar kroner til fleksible og desentraliserte utdanningar i 2022.

– Det norske folket bur spreidd over heile landet. Skal vi utløyse det enorme potensialet som ligg i alle desse menneska og møte behova dei har for å lære gjennom heile livet, må vi tilby gode utdanningar der folk bur. Vi skal lansere ei reform for desentraliserte utdanningar og derfor legg vi nær 100 millionar kroner ekstra i potten til dette neste år, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp). 

I den førre regjeringa sitt forslag til statsbudsjett var det 149,5 millionar kroner til fleksible og desentraliserte utdanningstilbod ved universitet og høgskular i 2022. Denne regjeringa foreslår å auke satsinga betydeleg, og legg til 98,8 millionar på toppen av dette. Dette inkluderer eit utdanningstilbod på Nesna.

Vil ha tilbod ved fleire studiestader i distrikta

Fleire universitet og høgskular organiserer i dag utdanning andre stader enn på hovudcampusane sine. UiT - Noregs arktiske universitet, tilbyr til dømes samlingsbasert bachelorutdanning i sjukepleie på deltid ved studiestadene i Alta, Bardufoss, Finnsnes og Storslett, i tillegg til i Tromsø. Slike tilbod vil regjeringa ha fleire av.

– I dag er den norske snittstudenten 29 år gammal. Det betyr at mange treng eit utdanningstilbod som er tilpassa eit kvardagsliv med jobb og familie. Ved å leggje til rette for gode utdanningstilbod i heile landet sikrar vi at også offentlege og private verksemder i distrikta får den kompetansen dei treng, seier Borten Moe.

Satsing på Nesna

Regjeringa satsar på utdanning på Nesna, og vil vurdere ulike alternativ. Målet er at det også på Nesna skal vere eit attraktivt utdanningstilbod av høg kvalitet.

– Neste år vil vi bruke 250 millionar kroner på fleksible og desentraliserte utdanningstilbod over heile Noreg, også på Nesna. Korleis vi best kan fordele pengane, og den konkrete løysinga på Nesna, må vi komme tilbake til. Eventuelle søknadsbaserte ordningar må vi også sjå i lys av arbeidet med reforma for desentralisert utdanning. Målet er at pengane skal komme raskt til nytte, seier Borten Moe.