Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Næringsministeren og fiskeri- og sjømatministeren til London 10-12. september

Brexit står på programmet når næringsminister Torbjørn Røe Isaksen og fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik besøker London neste veke.

- Noreg har inngått fleire avtaler med Storbritannia i samband med brexit. Det er likevel viktig at vi held ved lag den gode dialogen vår med britiske styresmakter, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Storbritannia er Noregs største handelspartnar. I 2018 eksporterte Noreg for 212 milliardar kroner til landet, og importerte for 38 milliardar kroner. Storbritannia er også den viktigaste enkeltmarknaden for norsk skipsfartsnæring. Næringsminister Røe Isaksen møter Storbritannias transportminister Grant Shapps, som er ansvarleg statsråd for skipsfart i den britiske regjeringa, og minister for internasjonal handel, Conor Burns onsdag 11. september. 

Sjømat og brexit

Brexit er også tema når fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik møter sin britiske kollega, George Eustice, 12. september. 

I dag forvaltar vi fleire bestandar saman med EU. Etter brexit vil Storbritannia bli ein viktig fiskerinasjon, som vi må finne felles avtaler med.

- Eg er glad for at vi har fått viktige avklaringar om marknadstilgong, i tilfelle britane forlét EU utan ei avtale. Det er likevel usikkert korleis brexit i praksis vil slå ut for handelen med sjømat. Brexit vil også få store konsekvensar for forvaltinga av felles fiskebestandar, men vi har nær og god kontakt med våre britiske kollegaer, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik.

Sjømat står for om lag 20 prosent av den norske fastlandseksporten til Storbritannia og verdien var på over 6 milliardar kroner i 2018. Storbritannia er den fjerde viktigaste marknaden for norsk sjømat.

Når: 10-11. september (Røe Isaksen) og 12. september (Nesvik)

For fleire deltajar om programmet, kontakt pressekontakt Ella Ege Bye, tlf. +47 932 68 350, eeby@nfd.dep.no

Til toppen