Nasjonal strategi for villbier og andre pollinatorar

Stortinget har gitt Regjeringa i oppdrag å lage ein nasjonal strategi for å sikre mangfaldet av villbier og andre pollinerande insekt.

Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet har på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet samla innspel frå kunnskapsmiljø og organisasjonar, og har utarbeidd eit grunnlagsdokument for arbeidet med ein nasjonal strategi for villbier og andre pollinatorar.