Ny NAV-rettleiar

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Saman med NAV vil regjeringa utarbeide ny rettleiar for økonomisk sosialhjelp.

– Dei tilsette i NAV har gjennom lovverket rike høve til å utøve skjønn i kvar enkelt sak. For å tydeleggjere dette vil eg, saman med Arbeids- og velferdsdirektoratet og i dialog med KS, utarbeide ein ny rettleiar tilpassa dagens situasjon, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.

Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) på taket i AID
Foto: Astrid Waller

I ei tid kor mange har det vanskeleg økonomisk,  er det viktig at dei som treng sosialhjelp eller anna hjelp tar kontakt med NAV.

– I NAV er det mange dyktige menneske som er opptekne av å gi god hjelp, seier arbeids- og inkluderingsministeren. Det er viktig for meg å vere sikker på at alle tilsette i NAV kjenner seg trygge på handlingsrommet dei har til å vurdere kvar enkelt søknad om økonomisk sosialhjelp.

Arbeids- og velferdsdirektoratet gjennomfører i desse dagar ei kartlegging av pågangen på NAV-kontora. Kartlegginga vil gi betre kunnskap og eit bedre grunnlag for å vurdere utviklinga.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har også inngått ei kontrakt med SIFO for å få ei vurdering av nivået og innrettinga av dei rettleiande satsane. Dette arbeidet vil ta noko tid, men er viktig på litt lenger sikt.

Alle kommunane i landet har fått brev om arbeidet med den nye rettleiaren.