Historisk arkiv

Noreg deltek ikkje i European Solidarity Corps

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

Regjeringa har prioritert andre tiltak til barn og unge framfor å delta i EU-programmet European Solidarity Corps.

- Det er mange gode tiltak for barn og unge som vi kunne ønskje vi kunne gjennomføre. European Solidarity Corps er eit flott initiativ og program. Noreg har gode røynsler med å delta i liknande aktivitetar i over tjue år. Prislappen på dette tiltaket blei dessverre så høg at regjeringa ikkje kunne prioritere European Solidarity Corps framfor andre viktige tiltak for barn og ungdom, seier barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland.

European Solidarity Corps vart vedtatt oppretta av EU som eit eige program hausten 2018. Med det la dei også ned European Voluntary Service, som har vore ein del av Erasmus+-programmet sidan 2014. Noreg har delteke i dette arbeidet i over 20 år. Begge desse programma går ut på at ungdom kan gjere ein frivillig innsats for andre, få nye erfaringar og nye kjende på tvers av Europa. Programma egnar seg også godt for unge som ønskjer eit alternativ til vanleg skulekvardag. Prislappen for å delta i European Solidarity Corps vart i overkant av 30 millionar kroner i året og langt høgare enn den var for European Voluntary Service. Regjeringa har difor prioritert andre tiltak for barn og unge.

- Regjeringa satsar på ungdom og prioriterer i år mellom anna å styrke nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom, helsestasjons- og skulehelsetenesta og oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom for å hindre at nokon fell utanfor, seier Helleland.

Regjeringa har prioritert å løyve meir midlar til nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom, som har auka frå 100 millionar i 2014, til 270 millionar i 2018. I tillegg har over 1 milliards blitt løyva til helsestasjons- og skulehelsetenesta. I 2019 er det foreslått å gje 20 millionar kroner meir til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom. Regjeringa har også gjeve fleire løyvingar til arbeidet med utsette barn og unge. 10 millionar kroner er løyva til eit pilotprosjekt for å dekkje individuelle utgifter ved deltaking i organiserte fritidsaktivitetar for barn frå låginntektsfamiliar.