Historisk arkiv

Noreg gjev Pakistan betalingsutsetjing på lån

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

– Betalingsutsetjingar på lån gjer det lettare for Pakistan å handtere konsekvensane av koronapandemien, slik at landet kan byggje seg opp att på ein berekraftig måte, seier utviklingsminister Dag-Inge Ulstein.

Noreg har no inngått ein bilateral avtale med Pakistan om å utsetje nedbetalinga på 33 millionar kroner i renter og avdrag på gjeld til Noreg.

– Mange fattige land har hatt svært lite økonomisk handlingsrom for å møte korona-pandemien. Noreg har støtta ei rask og fleksibel eittårig betalingsutsetjing på stat-til-stat-gjeld for alle dei 76 fattigaste landa, seier Ulstein.

I kjølvatnet av koronapandemien har G20-landa og Parisklubben innvilga 76 utviklingsland betalingsutsetjingar (gjeldsmoratorium) på renter og avdrag på stat-til-stat-gjeld som forfell til betaling i juni 2021.

Etter at Noreg tidlegare har sletta statsgjeld frå rundt tjue fattige land, er det berre Pakistan som kvalifiserer for betalingsutsetjingar frå Noreg. Gjelda skriv seg frå misleghaldne eksportkredittar frå GIEK. Etter planen skal gjelda vere nedbetalt i 2024.